Finne seg sjølv
Evan Boone lar draum og realitet flyte saman.
Evan Boone er fødd i USA, men har budd i Noreg sidan 2016. Ho er programmerar med mastergrad i informasjonstryggleik.
Foto: Agnete Brun
Noveller
Evan Boone:
Tavlefjellene
Aschehoug
Debutanten Evan Boone er ung, amerikansk og fødd i 1998. Ho er programmerar med mastergrad i informasjonssikring frå Universitetet i Oslo, og ho er busett i Noreg sidan 2016. På den tida har ho lært språket så godt at denne lesaren ikkje ser noko som skurrar, verken i syntaks eller i ordval; alt er på stell i det språklege. Om alt er på stell i det litterære, er ikkje like opplagt.
Tavlefjellene består av sju noveller, alle formidla gjennom yngre kvinner som søker sjølvrealisering innanfor akademia, innanfor kunstnarmiljø, i seksuell utfalding og ikkje minst gjennom å reise verda rundt i rastlaus leiting etter noko dei aldri får taket på. Ulike nettforum betyr mykje for fleire av dei, og det er gjennom nettet dei har kontakt med omverda.
Verdsvande 20-åringar
Somme av dei har vakse opp i små bygdesamfunn dei ville bort frå så fort som råd, og i storbyar som Oslo, New York, Buenos Aires, Berlin eller Tokyo opptrer dei som verdsvande 20-åringar med ein kosmopolitisk fasade og med eit kontaktnett innanfor så vel FN som ymse eliteuniversitet, mens realitetane viser til avbrotne studium, ufullførte prosjekt, deltidsjobbar, oppbrot og forflyttingar, spontane innfall og idear, retningslaust og samtidig strevande etter å bli noko heilt for seg sjølv, noko ekstraordinært, for eksempel å bli vinnar av Idol eller få ei høg stilling i FN-systemet.
Denne eskapismen, dette misforholdet mellom draum og realitet, er det mest interessante ved Evan Boones debutnoveller, og ho ser på sin eigen generasjon tidvis med glimt i auget, tidvis med eit alvor som denne lesaren vel å tru på, sjølv om nokre av novellene blir nokså utflytande og ufokuserte og med lause trådar som aldri blir samla i ein heilskap.
Talent for tekst
Det makabre og det mystiske går hand i hand i dei beste novellene, og eg løftar gjerne fram opningsnovella «Skinnjakke» der partering av lik og spreidde kroppsdelar har ein viss skrekkeffekt, mens i tittelnovella «Tavlefjellene» forsvinn unge jenter på mystisk vis for aldri seinare å bli funne.
Evan Boone har utan tvil eit talent for tekstforming, og la det vere utgangspunkt for vidare arbeid med fleire noveller eller ein roman.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det makabre og det mystiske går hand i hand i dei beste novellene.
Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.