Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Finstemt og truverdig

Amalie Kasin Lerstang skriv jordnært og med glimt i auget.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Amalie Kasin Lerstang fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen som kom ut i 2014.

Foto: Kristine Helliesen

2856
20231201
2856
20231201

Roman

Amalie Kasin Lerstang:

Rikt er et folk som har skogen

Cappelen Damm

Amalie Kasin Lerstang (f. 1988) fekk ein flying start som forfattar da ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Europa i 2014. I 2018 kom diktsamlinga Vårs, ei hyllest til heimbyen Notodden, med industrihistorie og rånarkultur side om side.

Rikt er et folk som har skogen hentar også handling frå Notodden og tar opp dagsaktuelle problemstillingar kring arbeidsplassar og naturvern, det vere seg utbygging av vindkraft, nye motorvegar eller andre inngrep som set djupe spor i urørt natur.

Tett på naturen

Logopeden Eva Brattheim, ei einsleg dame i 40-åra utan annan familie enn søstera Oddveig, har nyleg flytta tilbake til Notodden med ønske om å bli verande. Det som bind henne til staden, er skogen og fjella, turløypene og alt ho kan observere av dyr og fuglar, plantar og tre.

Men denne idyllen er truga av Statens vegvesen, som har planlagt motorveg gjennom det området ho kjenner seg knytt til, og dermed gir ho seg politikken i vald i form av eit lesarbrev til lokalavisa og eit høyringsinnspel til kommunen, der ho peikar på naturens eigenverdi og på behovet mennesket har for å leve tett på naturen.

Straks ho har levert lesarbrevet, angrar ho, slik ho også angrar på at ho gjekk til kommunen og leverte høyringsinnspelet personleg til spesialkonsulent Randi Hveum, ei ho straks blir fascinert av. Denne dragninga mot Randi Hveum og ønsket om å bevare naturen i nærområdet, dannar ei slags grunnlinje i romanen som ærleg og realistisk, og med lun humor, tar opp konflikten med å vende tilbake til noko ein trudde var slik som før.

Lågmælt og stillferdig

Romanen er lågmælt og stillferdig, som Eva Brattheim også er. Samtidig byr han på svært gjenkjennelege scenar og situasjonar kring det å bu i eit relativt lite lokalsamfunn der alle kjenner alle, og der det kollektive «vi» bestemmer. Da er det sjølvsagt fritt fram for firefelts motorveg, for alle vil spare tid på veg inn til Oslo.

Lerstang skriv med ein finstilt psykologi som får fram både det lett paranoide hos Eva Brattheim, saman med den einsemda ho ber på, og lengten etter å høyre til i ein fellesskap. Språket er prega av a-endingar med innslag av austnorske dialektord som «vrient og kålete», «heile smæla», «skølten» og så vidare. Det gir eit fargerikt og munnleg preg, som ein også kan finne hos både Matias Faldbakken og Thure Erik Lund.

Tittelen Rikt er et folk som har skogen er henta frå eit dikt av ringeriksforfattaren Elling M. Solheim (1905–1971), ein stillfaren mann i norsk litteratur, knytt til arbeidarrørsla og med bakgrunn som tømmerhoggar. Slik femner Amalie Kasin Lerstang både fortid og notid i ein roman eg sette stor pris på.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis