Flesk og smør i byte for danske jødar
Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?
Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.
Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark
Bokessay
redaksjonen@dagogtid.no
I ei omfattande melding av boka På Førerens ordre – Hitlers mænd i Danmark 1933–1945 i avisa Berlingske Tidende set den danske historikaren Bent Blüdnikow spørsmålsteikn ved motivasjonen «dei gode tyskarane» eigentleg hadde for å redde jødane frå dei tyske leirane. Boka, som er redigert av John T. Lauridsen og Henrik Lundetofte og utgitt på Aarhus Universitetsforlag i juni, inneheld kortare og lengre biografiar over 64 sentralt plasserte tyskarar som under krigen deltok i administrasjonen av det okkuperte landet.
Sentralt står historia om korleis – og ikkje minst kvifor – det midt under krigen var mogleg å få smugla over 7000 jødar frå Danmark til Sverige, og det rett framfor auga på Gestapo og resten av den tyske okkupasjonsmakta.
Dei danske jødane flykta rett nok eit år etter at brorparten av dei norske jødane var deporterte til ein sikker død i Auschwitz. Men årsaka til at det gjekk an å redde dei danske jødane, var nok langt meir kompleks enn at sentrale tyskarar i København plutseleg var blitt «humanistar» som uroa seg for jødane sitt ve og vel.
«Blüdnikow meiner at Duckwitz konstruerte historia, med seg sjølv som helt i hovudrolla, for å komme seg unna med blankt rulleblad etter krigen.»
Uvanleg naivt
Trass i at den planlagde aksjonen mot dei danske jødane hende eit heilt år etter at 772 norske jødar blei deporterte til Auschwitz, blir dei to hendingane ofte samanlikna. I Noreg er det fleire gonger dei siste åra, ikkje minst under debatten etter Marte Michelets bok Hva visste hjemmefronten?, blitt peika på dei store skilnadene: Kvifor var det ikkje mogleg å gjere like mykje for dei norske jødane som den danske motstandsrørsla gjorde for dei danske?
Forklaringa som kjem fram i boka, er ikkje ærerik.
Risikoen redningsmennene og -kvinnene tok, var fundamentalt ulik i dei to landa: I Noreg var det dødsstraff for å bidra til å få jødar i redning over grensa. Danske hjelparar, derimot, risikerte berre å bli dømde til to–tre månader i fengsel.
Tevling og samarbeid
Det er først og fremst kvitvaskinga av Werner Best (1903–1989) og Georg Ferdinand Duckwitz (1904–1973) som får Blüdnikow til å reagere i meldinga av På Førerens ordre i Berlingske. Blüdnikow er særs lite nøgd med at Duckwitz blir framstilt på det han meiner er ein uvanleg naiv måte av den danske biografen Hans Kirchhof (1933–2023), ein historikar som i fleire tiår var opptatt av Duckwitz, og som må ta ein stor del av æra for at den tyske diplomaten skulle gå inn i historia som «antinazist» og redningsmann for danske jødar.
Werner Best var ein SS-general som i 1942 – i motsetnad til Josef Terboven i Noreg – blei innsett som den øvste sivile instansen i Danmark med tittelen riksfullmektig, altså ikkje rikskommissær. Han var formelt underlagd utanriksdepartementet i Berlin og måtte finne seg i konkurranse om makt og mynde med ikkje berre eigne sjefar i departementet og partiet, men med dei tre våpengreinene, SS-systemet og ulike danske naziorganisasjonar.
Danskane valde å underkaste seg okkupasjonsmakta etter det tyske overfallet 9. april 1940. Ei samlingsregjering under sosialdemokratisk leiing heldt fram med sitt daglege virke. Det gjaldt å halde seg inne med det nye styret, for alle solemerke peika i retning av at Nazi-Tyskland kom til å bli i mange år – som i det okkuperte Europa elles.
Så kongen blei på sin post, ei tverrpolitisk samlingsregjering blei innsett, politiet heldt fram med å utføre oppgåvene sine, og det danske militæret vakta grensene – alt under tysk overoppsyn.
Denne «samarbeidspolitikken» varte heilt frem til august 1943, då leiarane i departementa la ned arbeidet og overlét drifta av kongeriket til den tyske okkupasjonsmakta.
Stor matvareeksport
Heile tida gjekk eksporten til Tyskland smertefritt. Ikkje berre fekk danskane milliardomsetning på sement og andre industriprodukt til bygging av Hitlers festningsverk langs atlanterhavskysten. Langt viktigare var det at titusenvis av store og små bønder fekk selt alt dei kunne levere av kjøt, smør og mjølkeprodukt. Dette gav landet enorme inntekter, og snart stod dansk landbruk for 12–15 prosent av matvareforbruket til tyskarane. Enkelte kjelder meiner at det tyske militæret fekk så mykje som 20 prosent av forpleiinga levert frå Danmark.
Flesket og smøret blei òg eit viktig element i tysk innanrikspolitikk. Dei danske produkta bidrog nemleg sterkt til at det aldri – som under første verdskrigen – braut ut hungersnød eller svolt i dei store byane.
Så Best var godt klar over kva som kom til å bli den aller viktigaste oppgåva hans, då han i 1942 kom til Danmark: Han måtte sikre at toga med kjøt heldt fram med å rulle sørover.
Det var Best sjølv som 8. september 1943 sende eit telegram til Berlin og føreslo at dei rundt 7500 jødane i Danmark skulle pågripast og deporterast. Alt i dette utspelet blei det lagt vekt på at den danske befolkninga ikkje måtte bli så sterkt provosert at demonstrasjonar og annan uro braut laus. For i bakgrunnen spøkte trusselen om at danskane sjølve kunne sette ein rask stoppar for matleveransane. Og det var ein pris som verken regimet i Berlin eller riksfullmektigen i København var villige til å betale.
Det såkalla Schalburgkorpset blei oppretta i 1943 som ei delvis SS-organisert avdeling med danske frivillige som blei sette inn blant anna for å halde ro og orden – i ein situasjon der storparten av det danske politiet blei arrestert. Her er Georg Duckwitz og Werner Best fotograferte i september 1943 ved opninga av korpsskulen i Høvelte nord for København, der dei blei viste rundt av SS-offiseren Søren Kam (1921‒2015).
Foto: Af NordiFoto: Nordisk Pressefoto / Frihedsmuseets fotoarkiv / Nationalmuseet i Danmark
Fluktplanen
Bests forslag om å deportere dei danske jødane var eigentleg berre ein bløff – og ein del av ein plan om å bli kvitt jødane utan at verken Hitler eller den danske befolkninga hissa seg opp. Angivardrap og generalstreik var blant konsekvensane Best måtte frykte. Riksfullmektigen var likeglad med om 7000 menneske blei sende ut på ei dramatisk flukt, eller om 464 danske jødar hamna i konsentrasjonsleiren Theresienstadt, der 51 av dei døydde.
Den nære medarbeidaren Duckwitz blei instruert av den øvste sjefen sin om å nytte seg av dei gode kontaktane han hadde i Socialdemokratiet. Først drog han på ein hemmeleg ekspedisjon til Stockholm, der han forhandla med svenske styresmakter og fekk aksept for at 7000 jødar snart ville komme over frå Danmark.
Fem dagar før den planlagde massearrestasjonen tok han kontakt med dei danske vennene sine og åtvara på det skarpaste om at det den 2. og 3. oktober 1943 var alvor. Men han lét dei òg få vite at krigsmarinen ikkje kom til å vise seg i Øresund dei nærmaste fire døgna. Så ei flukt over til nabolandet ville vere relativt trygg.
«Bests forslag om å deportere dei danske jødane var eigentleg berre ein bløff.»
Duckwitz’ inste tankar
Det som hende etterpå, er kjent. Åtvaringane begynte å nå frem til framståande politikarar som i sin tur fekk sagt frå til jødane. Eit møte med mange deltakarar i synagogen i København gjorde det mykje enklare å få ut bodskapen om at arrestasjonen straks ville skje, enn det hadde vore i Oslo og dei andre norske byane eitt år tidlegare.
Mange danskar var med på å åtvare jødiske medborgarar og hjelpe dei under flukta. Fiskarane på Sjælland frakta hundre- og tusenvis over til Sverige. (Det har i alle år sidan vore diskutert om dei tok seg godt – kanskje altfor godt – betalt.)
Kirchhof hadde fått Duckwitz’ dagbok frå 1943 stilt til rådvelde under arbeidet sitt. Der las han om det som truleg var nazifunksjonærens inste tankar: Duckwitz uroar seg for dei danske jødane og den uvisse skjebnen som ventar dei. Han svermar for danske sosialdemokratar og for den danske levemåten. Hadde han vore dansk, kunne det godt tenkast at han ville blitt sosialdemokrat, står det blant anna.
Høgt dekorert
Biletet av menneskevennen Duckwitz slår sprekker alt ved det faktum at mannen faktisk melde seg inn i nazipartiet før Hitler kom til makta i januar 1933, og at han heldt fram med å vere medlem av NSDAP til siste slutt.
– Eg er overtydd om at dagboka er skriven nettopp med det formålet at Duckwitz skulle ha noko å vise til når oppgjerets time ein gong i nær framtid ville komme, seier Blüdnikow.
Blüdnikow meiner at Duckwitz konstruerte heile historia, med seg sjølv som helt i hovudrolla, og brukte henne til å komme seg unna med blankt rulleblad etter krigen, pluss at den personlege historia gjorde han kvalifisert til å få jobb i det vesttyske diplomatiet.
Duckwitz var frå 1955 til 1958 vesttysk ambassadør i København. Danskane dekorerte han med høge utmerkingar, og diplomaten blei hylla der han kom. Heime i Tyskland blei han gjord til statssekretær hos Willy Brandt i utanriksdepartementet.
Kvifor Kirchhof?
Medredaktør Henrik Lundtofte er djupt ueinig i Blüdnikows vurderingar av Duckwitz – og dermed òg i kritikken av at nettopp den omdiskuterte Kirchhof blei vald ut til å skrive biografien til «den gode tyskaren».
– Kvifor Hans Kirchhof? Fordi han var ein framståande historikar som på førehand hadde skrive ein stor biografi, utan konspirasjonsteoriar, om Duckwitz. Han er ikkje «sterkt utskjelt» av andre enn Bent Blüdnikow, men djupt respektert for forskinga si og seriøsiteten sin. Derfor dette opplagde valet til å skrive det biografiske bidraget om Duckwitz til På Førerens ordre. Ein treng heller ikkje å vere einig i alle tolkingane til Kirchhof. Det er heller ikkje eg på alle punkta i dei andre bidraga i boka, kommenterer Lundtofte.
I den omfattande gjennomgangen av Bests liv og virke har den andre av dei to redaktørane, John T. Lauridsen, grave djupare i arkiva enn sjølv tyske Best-ekspertar før han. Han teiknar biletet av ein mann som alt i ung alder utvikla seg til å bli ein ekstrem jødehatar og nasjonalist. Etter at nazistane tok makta, var Best med på å legge det juridiske grunnlaget for oppbygginga av «legal» terror i nazistaten, samtidig med at han var ein av dei aller viktigaste arkitektane bak Heinrich Himmlers SS-imperium.
«Skrivebordsmordar»
Best, som hadde doktorgrad i jus, blei i 1940 sjef for den militære forvaltninga i det okkuperte Frankrike. Der gjorde han seg sterkt medskuldig då tusenvis av franske jødar blei sende til ein sikker død i Auschwitz. Kynismen hans var nådelaus og grenselaus, og dei framståande evnene han hadde som «mordbyråkrat», var alt godt kjende då han landa i København for å halde fram med same stil og taktikk, nemleg splitt og hersk, der.
«Bests tid i Danmark er historien om en lang kæde af manipulationer og fordrejninger [...]. Han forblev en overbevist nazist hele sit liv, en skrivebordsmorder, der fortsat tjente sagen efter bedste evne og ikke ringe evne», som det står i boka.
Sidan Lauridsen i sin biografi avslører Best og rolla han spelte i dansk historie som «ein av dei gode tyskarane», kjem han ikkje utanom å trekke Duckwitz med i fallet. For det er ingen tvil om at det var Best som tok avgjerda om å tillate at jødane flykta.
Samtidig gav han den tiltrudde medarbeidaren Duckwitz ordre om å nytte seg av dei gode kontaktane sine til å åtvare danskane om kva som skulle skje. Dei to var faktisk kompanjongar i det same spelet – og begge kunne etter krigen framstille seg sjølve i eit svært positivt lys.
Bitter sanning
For Best innebar historia at han i staden for å få dødsstraff slapp unna med fem år i dansk fengsel, går det fram av Lauridsens biografi.
– Den danske samarbeidspolitikken gjekk inn i dansk historie som eit realpolitisk naudsyn. Det var ikkje mogleg for landet å slåst mot ei militær overmakt som Tyskland, seier Blüdnikow.
– Så kvifor ikkje gjere det beste ut av det? Aktiv motstand ville likevel berre ført til meir vald og fleire døde. Men tenk om folk over resten av det naziokkuperte Europa hadde reagert på same måten. Då hadde tyskarane rett og slett ikkje møtt nokon motstand, og heile Europa kunne blitt nazifisert.
Sett utanfrå, med ikkje-danske briller, førte samarbeidspolitikken truleg til at krigen varte lenger, og at fleire liv gjekk tapt, held Blüdnikow fram.
– Dette er ei bitter sanning som eg meiner at vi no må få med i historia om krigen. Det er her snakk om rå mordarar, jødehatarar og smarte politiske spelarar, og ein kan neppe kalle nokon av dei for «gode tyskarar». Nesten alle slapp forbløffande lett unna med ugjerningane sine.
Lundtofte vel å sjå problemet frå ein heilt annan ståstad.
– Det er fascinerande å sjå på tilfellet Duckwitz, korleis han, ein høgreradikalar med tidleg medlemskap i nazipartiet, faktisk er den som sørger for at dei danske jødane blir åtvara i tide, seier han.
– Same kva innvendinga er, er Duckwitz uunnverleg i prosessen som fører til at 7000 menneske kunne bli redda.
Asbjørn Svarstad er journalist med base i Berlin.
John T. Lauridsen og Henrik Lundetofte (red.): På Førerens ordre: Hitlers mænd i Danmark 1933–1945. Bind 1 og 2, Aarhus Universitetsforlag 2024.
Verket er skrive av dei to redaktørane og tolv andre historikarar. Lauridsen er tidlegare forskingssjef ved Det Kgl. Bibliotek, Lundtofte er leiar av Historisk Samling fra Besættelsestiden ved Museum VEST.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.
Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.
Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark
Flesk og smør i byte for danske jødar
Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?
Signe Førres første plate er balkaninspirert.
Foto: Terje Nesthus
Bass i norsk og balkansk landskap
Signe Førre med vener overraskar.