Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

For tidleg og for seint

Ketil Bjørnstad utforskar aldring og kjærleik.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ketil Bjørnstad er pianist, komponist og forfattar innanfor fleire sjangrar.

Foto: Haakon Sand

3983
20240823
3983
20240823

Roman

Ketil Bjørnstad:

Norefjell

Aschehoug

Multitalentet Ketil Bjørnstad treng neppe nokon større presentasjon. Hovudpersonen i den siste romanen hans er ein soleklår kontrast til forfattaren: Den sjølvforaktande Ruben har skrive ei einaste bok for mange år sidan. Han karakteriserer seg sjølv og kvinna han elskar, som «to vrak av noen mennesker».

Livet er prega av mismot over tapte sjansar både profesjonelt og emosjonelt. Ruben levde med Helga i ti år, men dei glei frå kvarandre, og nye ti år har gått. Helga var ein evnerik kunstnar, men trefte aldri tidsånda. Ho er på veg inn i demensen og gøymer seg for verda. Ein kveld får Ruben likevel auge på henne i Frognerparken. Slumrande kjensler vaknar til liv. Kan dei få ein ny sjanse?

Utgangspunktet er krevjande. Det er ikkje måte på kor mange ulykker som råkar Ruben ved byrjinga av soga. Under ei nattevakt på hotellet der han er tilsett, døyr ein gjest. Ruben hadde handa på hjartestartaren utan å få han til. Han får difor status som mistenkt og blir oppsagd. Omtrent samstundes får han avskjed frå forleggaren som har engasjert han som manuslesar gjennom mange år. Like etter kjem endå ei oppseiing, no gjeld det husleigekontrakten. Som om dette ikkje skulle vere nok, får han noko som moglegvis er ein dødsdom frå legen.

«Her er forsøk på satire, men eg finn det ikkje særleg morosamt.»

Her er altså svært mykje som står på spel. Ruben seier det slik: «Døden kunne godt komme til meg (…) Men det var for tidlig, selv om det kanskje kunne bli for sent. Det var noe enda viktigere enn å dø jeg måtte finne ut først. Noe som kunne forklare det livet jeg så langt hadde levd.»

Eksistensielt, altså. Vil (anti-)helten kome ut av uføret, finne meininga med det heile og få kvinna han elskar? Og ikkje minst: Vil romanen halde på lesarinteressa gjennom tre hundre sider?

Tid og stad

Både Ruben og Helga er godt vaksne, rundt sytti pluss. Bjørnstad utforskar den spesielle livsøvinga som aldring er. Det krevjande temaet demens blir handsama med vørdnad. Kroppsleg forfall blir framstilt meir eksplisitt – og etter mi meining meir påtrengande enn nødvendig.

Språket må kommenterast. Både Rubens indre monologar og mange av dialogane er skjemde av ein oppstylta og kunstig stil. Vel er Ruben ingen ungdom, men eg kjenner ingen syttiåringar som uttrykkjer seg slik. Heller ikkje innhaldet i enkelte av replikkvekslingane står til truande.

At ein politimann og ein mistenkt har inngåande personlege samtaler fordi dei tilfeldigvis er frå same heimplass, er koseleg, men neppe sannsynleg. Lange filosofiske dialogar mellom lege og pasient er kanskje vanlegare vest i Oslo enn andre stader, men eg trur ikkje på replikkane her. Heldigvis er samtalene mellom Ruben og Helga litt meir naturlege, med glimt av varme og nærleik.

Fleire gonger undrar eg på om romanen er meint å vere ein parodi, på kultureliten i Oslo eller på hovudstadslivet generelt. Her er forsøk på satire, men eg finn det ikkje særleg morosamt. Er det humor å kalle eit hotell «Lorthullet»?

At aktuelle hendingar frå sommaren 2023 blir kommenterte, er ikkje nok til at romanen kjennest aktuell eller relevant.

Tilbake til Soria Moria

Omtrent halvvegs i boka reiser Ruben og Helga ut for å finne att Soria Moria slott, både i konkret og overført tyding. Når den gamle bilen dei har leigd (symbolsk nok utan revers), sklir ut av Oslo og klatrar oppover bakkane mot Theodor Kittelsens rike, strammar språket seg opp og ristar av seg det innestengde og utdaterte. Betraktningane blir meir treffande, metaforane presise. Melankolien som pregar romanen som heilskap, når lesaren med større kraft og nerve.

Det varer likevel ikkje. Attende i storbyen visnar det friske vekk på ny, saman med den siste resten av interesse hos lesaren. Norefjell er ei utgiving den produktive Bjørnstad og forlaget hans kunne ha hoppa over.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis