Bok
Frikjend av Slapgard
Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.
Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.
Foto: Agnete Brun
Som med dagens Erna var det Werna, fornamnet, som vart brukt. Biografen er òg på fornamn i boka om statsministerkona Werna – frå seksåringen Werna til midt i internasjonal politikk. Og kven skulle ho elles vore? Å kalle henne Gerhardsen hadde blitt feil. Men Werna Gerhardsen er fint.
I biografien vert Slapgard kanskje vel intim, og litt mykje forsvarar innimellom. Det er så velmeint, alt Werna gjer, og så useieleg sjølvoppofrande som ho var. Men hjelpte ho KGB? Rykta smussa til ettermælet hennar etter at ho var død.
Husmor på toppen
Ho vart døypt Werna Julie Frimann Hosewinkel Koren Christie og vaks opp med åleinemor på Grünerløkka. Her ligg drama berre i det. Lenin-beundrar, Sovjet-venn, motstandskvinne, ektefelle til eit legendarisk statsoverhovud.
Som sosialist var ho eksemplarisk, partiet gjekk føre alt. Omtanken for dei nedste i samfunnet var i tankane hennar på dødsleiet. Det er ei rørande skildring.
Ho kalla seg husmor i rolla ved sida av Einar, og partimennene kviskra at ho skulle halde seg på kjøkkenet heime. Som politisk menneske og gift som ho var i ei tid da kvinnene vart haldne nede, vart ho dermed berre kommunepolitikar i Oslo. Ivrig heldt ho på med barn, eldre, skole og sosiale tiltak for å fjerne fattigdommen som enno herja, typiske kvinneområde i politikken. Folk baksnakka henne når ho tok opp store spørsmål.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.