God tur!
Ingvar Ambjørnsen har mykje godt på hjartet i ei framifrå samtalebok av Alf van der Hagen.
Ni samtalar mellom Ingvar Ambjørnsen og Alf van der Hagen er grunnlaget for boka om Ambjørnsen og forfattarskapen.
Foto: Marie Sjøvold / Cappelen Damm
Samtalebok
Alf van der Hagen:
Ønsk meg heller god tur. Samtaler med Ingvar Ambjørnsen
Forlaget Oktober
«Wenn jemand eine Reise tut, so kann er was erzählen.» Ja, så sa diktaren Matthias Claudius for ikring 250 år sidan. Utsegna er framleis sann, den som har lagt ut på ei reise, får eitkvart å fortelje. Men det treng ikkje berre vera reiser i geografien.
Ein som veit det ekstra godt, er Ingvar Ambjørnsen. Han er dessutan ein meister i å formidla just dette, ikkje minst i samtaleboka Alf van der Hagen har gjort med han, basert på ni samtaler mellom to ekstremt vel budde og oppdaterte herremenn gjennom lange kveldar i Hamburg. Og just ved at dei to er så klåre og tydelege i kunnskapen om temaet, vert det lett og forvitneleg for lesaren å vera med også på reisa gjennom livet og den store og mangslungne forfattarskapen til Ambjørnsen.
Ei sentral oppleving
Her er litt, akkurat passeleg mykje, frå oppveksten i Larvik, og med ei skilsetjande oppleving i sentrum, ei hending utan openberre fysiske koordinatar, nemleg ein slags transe han brått kom inn i då han var sju eller åtte år gamal. Ambjørnsen meiner at denne opplevinga har vore sentral for han, og det er absolutt truverdig, i det minste for denne lesaren, som hadde liknande opplevingar sjølv i same alder. Kan hende er ein ekstra kjenslevar i den delen av livet, eller så er medvitet omsider så pass utvikla at ein først då forstår at den kjensla er noko spesielt.
I ein inngåande samtale med Ambjørnsen er rusrøynsler ikkje til å komma utanom, og han har fleire slike enn dei fleste. Ei anna sak er at han har klart seg utan å ta skade av rusen, for vel er han no svært sjuk av kols, men rusen har ikkje sett spor, han er gnistrande klår i tanken og kan fortelje livfullt og interessant både om korleis bøkene vart til, og om detaljar i tilknyting til dette.
Mykje Elling
Alf van der Hagen veit å levera dei rette servane, og Ambjørnsen er presis i returen, i ein tekstmasse som stort sett held seg til kronologien. Ikkje uventa vert det veldig mykje om figuren Elling, litt i meste laget for lesaren, inntil ein forstår kor viktig just Elling har vore for Ambjørnsen, og at ein sjølv har tatt altfor lett på denne figuren.
Slik er det gjerne med populære fenomen, populariteten tek vekk det eksotiske i kunnskapen, slik Aleksander den store opplevde det då han fekk nyss om at læraren hans, Aristoteles, også hadde delt kunnskapen sin med andre enn Aleksander. «Du skulle ikkje ha gjort det», skreiv Aleksander til Aristoteles.
Men ein kan jo ikkje skriva ei bok eksklusivt til éin einaste lesar, sjølv om det for ein mindre populær forfattar tidt kjennest som om det er akkurat det ein gjer, gong etter gong. Men på ein måte er det jo til seg sjølv ein skriv, og gjer oppdagingar om seg sjølv gjennom prosessen, gjerne oppdagingar av slikt ein ikkje finn andre stader, men som andre likevel kjenner seg att i, men sidan Ambjørnsen i denne boka seier at han ikkje tykkjer om journalistspørsmål om det er ein Elling i oss alle, skal eg ikkje påstå at det er ein slik mekanisme som er årsaka til populariteten.
Alt høyrer saman
Elling er dansk for andunge, og sjølv om det ikkje ser ut til å vera årsaka til namnet på romanpersonen, fører det oss til ei kjernesak for Ambjørnsen, og det er naturvern. I dette er han ingen dommedagsprofet, for han innser at dommedag var i går, det har gått skeis med naturen, og som ein naturinteressert og ikkje minst fugleinteressert lesar innser eg at han har heilt rett i dette. Dei tagale myrane om våren her eg bur, er eit dystert vitnesbyrd om denne tragedien. Masseutryddinga er i full funksjon, og truleg irreversibel.
Mot slutten kjem Ambjørnsen, ein eklektikar i kunnskap og erkjenning, med gode tankar om korleis alt i verda høyrer saman. Her er han på linje med kvantefysikken, som seier at alt som finst i universet, høyrer til det same fluktuerande kvantefeltet, og at alt på ein måte kjem av inkje, eller som Niels Bohr sa det: Alt me kallar for verkeleg, er laga av noko me ikkje kan kalla verkeleg.
Med tanke på det, og på Ambjørnsens udogmatiske syn på samanhengen, vil eg gjerne retta meg etter oppmodinga frå den gode boktittelen og ønskja han god tur vidare på den reisa eksistensen er.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.