Gull i kvite skogar
Historia om korleis Noreg vart verdas beste langrennsnasjon, er imponerande god.
Lars Backe Madsen har skrive litt av ei forteljing om langrennsporten.
Foto: Gyldendal
SAKPROSA
Lars Backe Madsen:
Gullracet – medaljer, makt og mysterier i norsk langrenn
Gyldendal
Det er litt av ei forteljing journalist Lars Backe Madsen har skrapa i hop i Gullracet. Boka, som byrjar med det elendige Calgary-OL-et i 1988 og går heilt fram til Johaugs dopingdom i år, kartlegg eit titals sentrale personar som stod bak ei av dei største snuoperasjonane i norsk idrett nokon gong. Og kampen om medaljane kosta uhorveleg mange pengar. Madsen set utviklinga av langrennssporten inn i ein kontekst prega av økonomi, idrettsforsking, klasseperspektiv og idretts- og næringspolitikk. Vi får fylgje eit langrennsmiljø utvikle seg frå ein kvardag der mykje var tilfeldig, til ei intens profesjonalisering av sporten på alle plan, og det på få år. Forfattaren tek oss med på den grådige sponsorjakta og den galopperande lønsutviklinga. Han fortel om spesialiseringa av langrennssporten gjennom fysiologiske testar, treningsvitskap og treningsmedisin, og om optimaliseringa av skisolane med diamantslip og lasermikroskop i så mykje som sju år før dei store meisterskapa.
Interessante analysar
Tida då langrennarane lukta granbar, er over. No siv fluordampen ut frå smørjebua. Han skildrar maktkampen i kulissane for å få eitt OL og to VM til norsk jord. Og alt ser ikkje like pent ut: Madsen dokumenterer at den ukritiske bruken av astmamedisin, sjølv på friske utøvarar, kan sporast tilbake til 1980-åra. Vi får fylgje dei store heltane Dæhlie og Ulvang frå dei berre var store skiløparar til dei endar opp som suksessfulle forretningsmenn. Særleg interessant er skildringa av dei mange stridane mellom Skiforeningen, Skiforbundet og Olympiatoppen, ikkje minst informasjonen om bakmennene i den tradisjonsrike og mytiske skiklubben Ull, dei som frå ei hytte i Voksenåsen diskret har påverka langrennssporten sidan oppstarten i 1883. Madsen får analysert dei tette banda mellom langrennssporten og det breie laget av folket heilt sidan slutten av 1870-talet. Interessant er òg analysane av Dæhlie og Ulvang. Forfattaren syner at òg desse to nasjonale heltane opererte som driftige forretningsmenn og sjølvmedvitne sponsorobjekt, slik Northug har vore skulda for i nyare tid. Det var berre ikkje så synleg den gongen.
Idrettshistorisk bragd
Boka er ei idrettshistorisk bragd. Det er ikkje berre det at Madsen skriv godt, det er det suverene grepet om stoffet som imponerer mest. Han gjev lesaren korte kapittel, og rykker oss stadig opp frå eitt sidespor over til eit anna, før han fortel vidare i seinare kapittel. Dette kunne ført til forvirring, for han sjonglerer så mykje som fire–fem forteljingar om gongen, men han ventar akkurat passe lenge med å ta opp ei sideforteljing nokre sider seinare, slik at vi heng med.
Eg meiner boka er ei av dei beste sakprosabøkene i år, på grunn av det kløktige grepet, som gjer at det er vanskeleg å leggje boka vekk, og mest av alt fordi forfattaren maktar å forklare lesaren kvifor langrennssporten betyr så mykje for folk i Noreg: Sporten kjem frå folkedjupet. Identifikasjonen med løparane er stor. Tvilsam medisinering og den enorme pengebruken, til smørebussar og til utviklinga av sporten, påverkar visst aldri oppslutninga om dei norske langrennarane. Nasjonalsporten set alle rasjonelle motførestillingar til side. Madsen forklarar kvifor vi sit klistra framfor TV-en og forsvarar norske løparar som opererer i gråsona, like sterkt som vi fordømer dei utanlandske utøvarane når dei gjer det same: Dei siste 30 åra har jo dei norske vunne alt som er. Alt er tilgjeve.
Eskil Skjeldal
Eskil Skjeldal er teolog, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg meiner boka er ei av dei beste sakprosabøkene i år.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?