JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

«Han har ikkje berre skifta namn fleire gonger, men også skifta kjønn og identitet»

Madame Nielsen går til kjensgjerningane om sitt eige liv og farens død og sit tilbake med ein rest som ikkje går opp.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Madame Nielsen har ein lang forfattarskap bak seg, først under namnet Claus Beck-Nielsen.

Foto: Pelikanen Forlag

3652
20240209
3652
20240209

Roman

Madame Nielsen:

Kvartett til tidens ende

I. Kjensgjerninger

II. Min fars død

Omsett av Knut Johansen
Pelikanen Forlag

Å skrive under psevdonym er eit nokså vanleg grep i litteraturen frå langt tilbake, men ingen har trekt dette lenger enn danske Claus Beck-Nielsen (f. 1963), som i dag skriv under namnet Madame Nielsen. Han har ikkje berre skifta namn fleire gonger, men også skifta kjønn og identitet. Han opptrer no offentleg som kvinne etter at Claus Beck-Nielsen blei erklært død og gravlagd i 2001. Forfattarskapen vidare blir forvalta av institusjonen Das Beckwerk.

Denne iscenesetjinga av seg sjølv har forfattaren drive med i fleire tiår med ulike identitetar som glir inn og ut av ein performativ biografisme, der fiksjon og fakta blir blanda i forfattarens eigen fantasi og slik framstår som ei utvida forståing av det verkelege.

Pelikanen Forlag i Stavanger har fanga opp dette forfattarskapet og gir no ut Kvartett til tidens ende, fire romanar samla i to band, det første rett før jul, det andre i februar 2024. Frå før har Pelikanen mellom 2015 og 2021 gitt ut fem romanar av Madame Nielsen, mens Forlaget Oktober i 2006 gav ut den posthume biografien Claus Beck-Nielsen 1963–2001, skriven av Helge Bille, som igjen er eit psevdonym brukt av Claus Beck-Nielsen.

Reine fakta

Utgangspunktet for Kvartett til tidens ende er at forfattaren, eg-forteljaren, har nådd eit punkt der hans eller hennar liv er i hendene til andre: «Man har ikke lenger kontroll over sin egen biografi.» Som motvekt vil forteljaren «skrive denne boken, som utelukkende skal bestå av kjensgjerninger om mitt liv og dermed meg selv», og første bok i kvartetten har tittelen Kjensgjerninger. Kjennsgjerningane er reine fakta, dokument, adresser, årstal, rekneskapar, alt som lèt seg etterprøve og kontrollere, mens alt anna «kan bare være løgn». Eller verre: «autofiksjon».

Likevel er det noko som ikkje kan klassifiserast som kjensgjerningar, og her viser forteljaren til mormora, som døydde 28. november 1989, og morfaren, som døydde «nyttårsnatt 1989, sikkert av sorg eller tomheten hun hadde etterlatt seg, men det er ingen kjensgjerning, sorgen er bare en formodning, tomhetens poesi».

«Madame Nielsen rettar blikket mot faren og prøver å forstå kven han var, ut frå dei vala han gjorde.»

Det useielege

Min fars død er skriven i lys av denne «tomhetens poesi», og reint konkret handlar det om farens dødsleie i desember 2019. Madame Nielsen bur i Berlin, besøker faren på sjukehuset i Odense, men reiser fort tilbake for å skrive i håp om å redde livet hans «over i skriftens evighet», som det står på omslagets bakside.

Madame Nielsen rettar blikket mot faren og prøver å forstå kven han var, ut frå dei vala han gjorde i yrkeslivet og som pensjonist, og ho ser ein mann som søkte det trygge i form av materiell velstand og besteborgarleg livsstil, der det overflatiske og konforme blir sjølve essensen, stikk imot hennar eigne val. Derfor oppstod det ein avstand mellom dei som hadde med «det usigelige» å gjere, ein slags «sjenanse og verdighet», for å ty til Dag Solstad.

Kanskje var dei for like, for når forteljaren innimellom reiser til familiens sommarhus på Nordvest-Jylland for å skrive, kler han eller ho seg i kleda til faren, og med hendene i lommene står forfattaren framfor vindauget og ser ut over havet slik faren alltid gjorde. Det er eit vakkert bilete på «det usigelige».

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er fast
bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis