JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Georg Friedrich Hegel (1770–1831). Portrettet er måla av Jakob Schlesiger (1792–1855).

Foto via Wikimedia Commons

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7462
20240503
7462
20240503

Sakprosa

Sigurd Hverven:

Hegel. En ganske enkel bok om en vanskelig filosof

Dreyer

Frå eg var student på 1980-talet og gjennom eit heilt arbeidsliv har eg heile tida støytt på denne tyske filosofen, men først og fremst som inspirator eller motspelar til andre filosofar.

Marx er utenkjeleg utan Hegel, men ville snu han opp ned. Kierkegaard har eit spark til Hegels store syntesar på annakvar side. Den kulturkonservative Gadamer snakkar heile tida med Hegel i sin hermeneutikk, og den radikale Theodor W. Adorno formulerer samfunnskritikken sin som ein anerkjennande kritikk av nettopp Hegel. I Noreg har så ulike folk som Hans Skjervheim og Jon Elster brukt, tolka og kritisert Hegel.

Men hans eigne tekstar er svært krevjande, og eg er neppe den einaste som har slått hovudet mot den omgrepstunge prosaen hans. Så kjem det ei bok frå ein filosof tidleg i trettiåra som ikkje berre forklarer på ein enkel og forståeleg måte dei viktigaste omgrepa til Hegel, men viser kva dei kan brukast til i dag.

I 18 kapittel går han gjennom Hegels filosofi, men berre fire tek utgangspunkt i hegelske omgrep (anerkjenning, ånd, historie, fridom). Resten av kapitla presenterer den tyske filosofen ved å analysera moderne tilstandar og fenomen med hans reiskapar. Det spenner frå fenomen som velferdsstat, psykiatri og kjærleik til smarttelefonar og feminisme.

Og då verkar denne tenkjaren frå første halvdel av 1800-talet aktuell – og nesten enkel, som undertittelen signaliserer. Det er demonstrasjonen av relevansen av dei hegelianske omgrepa som gjer boka til eit pedagogisk meisterstykke, og analysane av samtida er skarpsindige og viktige.

Fridomsomgrepet

Det er ikkje plass til å kommentera så mykje av dette, så eg nøyer meg med eit par døme. Hegel har ein viktig diskusjon av fridomsomgrepet. Han hevdar at fridommen må bli substansiell, som er eit av hans favorittord. Verkeleg fridom må setjast ut i livet, det er ikkje nok at fridom er mogeleg. Dette utvidar diskusjonen av fridommen, frå ein enkel motsetnad mellom fridom og tvang til også omfatta det å ha ein fridom som er reint abstrakt, men som aldri blir teken i bruk.

Dette omtalar Hegel som «ubestemthet» i Hvervens norske versjon. I det norske samfunnet har vi stor formell fridom, vi kan velja utdanning, politisk syn, kjønnsorientering, religion og så vidare. Men dette fører til eit spesielt problem: at individa ikkje greier å velja noko som helst. Med eit uttrykk frå Kierkegaard blir dei hengande og sprella i «mulighetenes garn». (Kierkegaards analyse av fortviling er forbausande lik Hegel her.)

Denne lidinga ved det uavgjorde er eit stort problem i dag, på alle felt, i arbeidsliv, samliv og helsevesen. Ein kvir seg for å ta endeleg val – av partnar, religion, yrke, utdanning. I den formelle fridommen er ein ufri. Dette analyserer Hverven godt fram.

Samfunnssinn

Eit anna viktig omgrep hos Hegel, er det han kallar Sittlichkeit. På norsk har det ofte vore omsett med «sedskap», men det blir for smalt, for det er eit ord som i dag så å seia berre blir brukt om seksuelle brotsverk («sedskapsavsnittet» i politiet). Ein kunne kanskje kalla det moralitet, for det handlar om alle dei formelle og uformelle reglane som styrer individa i eit samfunn.

Hverven kallar det «samfunnssinn», og poenget med dette er at eit samfunn aldri kan styrast berre gjennom lover og byråkrati (det blir i så fall eit DDR-samfunn, der absolutt alt er omtala i straffelova) eller berre gjennom individuell pliktkjensle. Mellom desse to ligg den mentaliteten som får individa til friviljug å slutte opp om samfunnsnormene, fordi dei høyrer til eit fellesskap.

Dette omgrepet er så viktig, for det blir utilstrekkeleg å forstå samfunnet berre som «struktur» eller offentlege reglar og føringar. Og den nyliberale visjonen, at alt må avgjerast av individa, blir like feil. Total individuell fridom fører på kort tid til at berre nokre få sterke individ har reelle val, medan dei andre misser sin fridom til denne eliten. Skeivfordelinga av rikdom i moderne samfunn demonstrerer dette.

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

For Hverven blir omgrepet samfunnssinn ein måte å forsvara velferdsstaten på, fordi den brukar strukturelle middel til å gje reell, substansiell fridom til fleire, mellom anna gjennom ein fordelingspolitikk.

Rasistiske synspunkt

Ein vitskap som er særleg interessant å diskutera opp mot omgrepet samfunnssinn, er sosiologien, der det er ein endelaus diskusjon om kor stor vekt det skal liggja på individet, og kor mykje som ligg på dei større systema og strukturane. Hegel held dette saman ved å insistera på at begge perspektiva er like viktige, og at dei møtest i Sittlichkeit. På mange måtar tilsvarer det forståinga av omgrepet integrasjon i sosiologisk teori. Det er påfallande at både individsentrerte og samfunnsorienterte tenkjarar brukar Hegel, men dei plukkar ut kvar sin halvpart.

Hverven blir stundom apologetisk, han forsvarer Hegel mot alle mislesingane han har vore utsett for. På sitt beste er det oppklarande (til dømes i forståinga av tese, antitese og syntese). Men stundom blir han litt for ivrig, for dei misforståingane han tilbakeviser, har faktisk spela viktige roller i historia og er dermed ein viktig del av arven etter Hegel.

Og på to punkt gir han opp forsvaret: Hegel formulerer rasistiske synspunkt på andre kulturar, og han tek frå kvinnene mange av dei rettane han vil gje menn. Det kan ikkje bortforklarast, bortsett frå at Hegel her gjer det same som mange av sine samtidige. Men her finn Hverven andre delar av Hegels filosofi, som han brukar mot dei kvinnefiendtlege og rasistiske formuleringane til Hegel.

Men sjølv om det avgjort finst utdaterte synspunkt i den hegelske omgrepsverda, er det også element som er høgaktuelle, som den store vekta han legg på anerkjenning. Dette har ein filosof i Frankfurtarskulen, Axel Honneth, teke særleg opp og aktualisert i nyare tid. Og det er eit omgrep som spelar ei rolle både i dei intime relasjonane mellom foreldre og barn, ektefellar og vener og i forholdet mellom til dømes innvandrarar og den statlege forvaltninga.

Den manglande anerkjenninga som statslause innvandrarar får i dagens samfunn, er dehumaniserande og bryt med menneskerettane. Vil ein ha eit filosofisk grunnlag for å hevda det, kan ein lesa Honneth, som altså brukar Hegel.

Hegels natursyn

Hverven, som har doktorert på ei avhandling om den økologiske krisa og utvikla ein tidsaktuell naturfilosofi, avsluttar boka si med å drøfta Hegels natursyn, og også der finn han uventa og perspektivrike innsikter.

Filosofifaget kan for mange verka teoretisk og livsfjernt, og ein forstår ikkje terminologien. Hegel kan nok ha sin del av ansvaret for ei slik oppfatning. Det storslegne med Hvervens bok er at han viser det motsette. Filosofien kan hjelpa oss til å forstå kvardagslivet, politikken, oppsedinga, dei sosiale media – og meir – klarare og betre.

Eg påstår ikkje at Hverven tolkar Hegel rett på alle punkt, eller gjer greie for heile den massive litteraturen om denne tenkjaren – det er knapt mogeleg, og eg er ikkje den rette til å vurdera det. Men han gjer noko anna: Han brukar Hegel til å tenkja med. Og det er kanskje vel så viktig.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er demonstrasjonen av relevansen av dei hegelianske omgrepa som gjer boka til eit pedagogisk meisterstykke

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis