Bok

I dødens venterom

Hos Lars Saabye Christensen blir også døden ei uforretta sak.

Lars Saabye Christensen debuterte i 1976 og har fått fleire litterære prisar for forfattarskapen.
Lars Saabye Christensen debuterte i 1976 og har fått fleire litterære prisar for forfattarskapen.
Publisert Sist oppdatert

Herr Knapp i Lars Saabye Christensens ferske roman er ingen helt og heller ingen antihelt. Han er berre ein einsam gammal mann som ser døden i kvitauget og ventar på å tre inn i det store mørket. Men før det kjem dit, er det eitt og anna han vil ordne opp i, såkalla «uforrettede saker», og det er denne drivkrafta som held han i gang midt under ein pandemi og eit nedstengt samfunn der munnbind og avstand er alfa og omega.

Gjennom 24 korte kapittel og gjennom ein «vi»-forteljar som held diskré avstand, blir lesaren kjend med Herr Knapp og det trøysteslause livet han lever. Herr Knapp bur i niande etasje i ei bustadblokk i Oslo. Heile blokka er prega av tidas tann, slik også Herr Knapp er det, og når Herr Knapp har urinlekkasje, er det også lekkasjar i blokka, og desse lekkasjane blir uforretta saker han må prøve å ordne opp i.

Dødsnærvær

Han vil også levere tilbake ein mobiltelefon som høyrer arbeidsgjevaren til, og sjølv om han finn tilbake til adressa, er huset og firmaet borte, og når han oppsøker grava til foreldra, er gravstaden sletta. Samtidig samlar han på dødsannonsar frå Aftenposten, og dødens nærvær går gjennom heile teksten, ja, så nær at han finn sin eigen dødsannonse: «Manfred Knapp (1939–2020) døde uventet i dag.»

Han lever i ei tid han ikkje heilt forstår, og han opplever at faren ringjer til fasttelefonen som er kopla ut. Alt flyt saman for han, og han slit med å skilje draum og røyndom. Herr Knapp er langt inne i demensen, men han opptrer samtidig verdig og med lakonisk ro og tenkjer: «Livet er den tiden det tar å dø.» Hos urologen spør han seg sjølv: «Var det ikke bedre å la naturen holde på med sitt? Burde han ikke heller gitt døden arbeidsro?»

Glimt i auget

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement