JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ikkje la folk vente

Problem går ikkje vekk som ved eit trylleslag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marianne Teie arbeider som lærar i Oslo ved sida av forfattarskapen.

Foto: Lina Hindrum

3556
20240628
3556
20240628

Roman

Marianne Teie:

Jeg kan ikke trylle

Cappelen Damm

På omslaget av Marianne Teies andre roman, Jeg kan ikke trylle, ser vi blokkleilegheiter i kvelds- eller nattemørke, der mange av vindauga er mørke; nokre leilegheiter er det lys i. Det er eit enkelt, men talande bilde av at utanfrå er det uråd å vite korleis folk har det i heimen sin. Vi kan sjå om dei har lyset på eller av; det er alt.

Ein roman kan derimot opne dørene for oss. Når vi møter eg-personen Janis, er ho på veg ut frå fengselet, no drar ho heim til blokkleilegheita til mora. Kapitla vekslar mellom notid og fortid, og litt etter litt får vi vite kva som har skjedd som har sendt henne i varetektsfengsel. No går ho og ventar på om det blir reist tiltale mot henne eller ikkje.

Ulike distansar

Det som er skjedd, har med mannen Trygve å gjere. Janis har levd i eit valdeleg forhold. Trygve har nedverdiga, kua og kontrollert henne på psykisk og fysisk vis. Han har isolert henne, snakka nedlatande om familien hennar, gjort henne spak og usikker og vitskremd for alt frå å ta på for mykje eller for lite leppestift til å snakke med naboane. Ho har snakka stygt om kollegaer ho eigentleg likar, for at ikkje Trygve skal kjenne seg truga. Ein dag blei det nok.

Det er ei opprivande historie. Men romanen viser òg ei anna vond historie, gjennom korleis dynamikken mellom Janis og mora speler seg ut. Distanse er ein gjennomgangsfaktor. Mora held mykje inne, vil ikkje snakke om ting, og ho viser ikkje spontan glede før den unge venen hennar Jesper kjem på besøk.

Mot Janis er ho avmålt, og når ho klemmer dottera eller føreslår noko dei kan gjere saman, ser det ut til å vere meir utslag av dårleg samvit enn av spontan og ektefølt kjærleik. Dette registrerer Janis, som blir såra. For å seie det med Janis: «Fint, sier mamma, med en lys stemme som hun bruker på hunder og på meg.»

No-kjensla

Marianne Teie skriv vart, men nøkternt. Det er ei ventetid som blir skildra. Janis ventar ikkje berre på rettslege steg, men på anerkjenning med tilbakeverkande kraft. Når vi blir med henne tilbake til barndommen, heiter det: «Det jeg er redd for, er at mamma og pappa skal dra fra meg for godt, for hva skal de med meg. Jeg er jo bare et barn.» Distansen er altså ikkje naudsynleg noko som har slått inn no. Teie formidlar korleis kjensla av venting kan legge seg over eit tilvære, korleis ein person som alltid ventar, aldri får ei kjensle av noet. Og at når personen først gjer det, blir det fatalt.

Tittelen Jeg kan ikke trylle speler i overført tyding på «eg kan ikkje klare dette utan vidare», meir konkret har det å gjere med at faren til Janis var ein kjent tryllekunstnar. Det er ikkje humor som pregar denne romanen, det var meir gjennomgåande i Dama til Rune (2022), men Janis skildrar i alle fall faren i finurlege vendingar: «Pappa vokste opp med kaniner. Han hadde dem i bakgården. De var alle hvite, og det var da han lærte å trylle dem bort at han ble tryllekunstner.»

I lesinga av årets roman er eg stort sett overtydd. Eg er ein djupt bevega lesar. Det einaste eg stussar på, er forholdet mora har til den unge Jesper, som i sin art verkar søkt. I røyndomen kunne det vore truverdig, for alt kan skje i røyndomen, men ikkje alt rimar i litteraturen.

For å vende tilbake til Elisabeth Vold Bjones omslagsbilde: Det er lyse og mørke vindauge, men det er òg glas som står på gløtt, der vesen flyg inn som vi helst vil ha ut igjen.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis