«Jonas Hansen Meyer debuterer med ei overtydande soge om den evige ungdommen.»
Joans Hansen Meyer arbeider som litteraturkritikar i NRK og Bokvennen litterær avis. No debuterer han som romanforfattar.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Roman
Jonas Hansen Meyer:
Nachspielet til Lippmann etter juleballet på Midtstuen skole, 1998
Tiden
I mi skuletid delte vi elevane inn i «sossar» og «frikar». Sossane gjekk i 80-talets rosa, uformelege genserar og neonfarga leggvarmarar og pulsvantar, dei høyrde på Wham og Modern Talking; frikarane gjekk i fillete dongerijakker som var rivna bak og lappa med sikringsnåler, og der det stod slikt som «The Doors» og «Pink Floyd» skrive med sprittusj rett på stoffet.
Debutant Jonas Hansen Meyer er fødd elleve år etter bokmeldaren, og hovudpersonen hans, Wessel, deler flokken inn i «nerdar» og «dei populære». Forskjellen er ikkje så stor.
Riksmåls-Noreg
For det finst likevel ei inndeling. Det sosiale livet i skuleåra er ugjenkalleleg definert av kor ein plasserer seg, ikkje minst blir plassert, og det er vanskeleg å kome seg ut av kategorien ved eiga hjelp. Dermed er denne romanen sår og brutal, om han aldri så mykje er ei munter og syrleg forteljing om ungdoms ibuande faenskap.
Som tittelen viser, er vi på Midstuen skole i 1998. I dette Oslo vest-miljøet, opp mot Holmenkollåsen, finn vi dei populære klysene Holck og Ålen, og Ulrikke og Michaela; gutane blir omtala med etternamn og jentene med førenamn. Slik skal det vere i Riksmåls-Noreg. Hovudpersonen Wessel har òg eit namn som kling av status, men han finn seg sjølv i gruppa «nesten-populær», der han eigentleg heng med nerden Georg og dei heilt uviktige jentene Lisa S. og «hennes grågensrede venninne», men aspirerer til å bli tatt opp blant dei populære.
«Man kan si og mene at en nerd eller en nesten-populær er like mye verdt som en populær, man kan ha alle slags ideer om menneskeverd og kjærlighet, men hierarkiet er ikke basert på menneskeverd.»
Forteljinga er skriven som eit brev til sonen, som så langt er «en rå klump med slim i magen til moren din», men som skal få opne brevet på 13-årsdagen. Faren skriv inngåande om strukturar i eigen skuleoppvekst, om kor livsviktig det kan vere å bli invitert til eit nachspiel. Han skriv at han vaks opp i ei tid då det kulaste uttrykket var «Hvem bryr seg». Han gjettar seg fabulerande til korleis det vil bli for sonen, men sjølv om sonen ikkje vil sende noko så analogt som lappar i timen, vil han ha behov for å kommunisere med medelevane bak ryggen til læraren.
Den etiske drøftinga
Dermed startar eg også denne bokmeldinga med mi eiga erfaring, for er det noko vi alle veit, så er det at ungdommen alt for dei gamle grekarane innebar noko konstant, sjølv om konteksten og tida endrar seg. Ungdommen er i opprør, dei veit alt best og treng ikkje konferere med nokon, og dei knuffar seg til sosiale posisjonar. Samstundes er dei alle ulike. Det finst berre ikkje ein vanskelegare periode i livet å vere ulik på.
I tillegg til det såre i at Wessel prøver så hardt å bli likt av «dei rette», kjem det substansielle parti der han drøftar med seg sjølv om ikkje utanforskapen han likevel er dømd til, er lettare og meir autentisk å leve med blant dei grå nerdane.
Kven skal vi vere som menneske oppi alt dette? Det er både spennande, morosamt og skakande å følge Wessel på ferda gjennom dette landskapet.
Meyer har eit kosteleg språk, eit riksmålsnært norsk med obligatorisk mange omvegar; ein skal flotte seg litt undervegs fram mot poenget. Høgtflygande blir det derimot aldri. Observasjonsevna er skarp. Tanken er god. Framføringa framifrå.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.
Ein førjulsdag får Vilma (Kjersti Dalseide) patologen Robert (Ole Christoffer Ertvaag) og presten Ivar (Tobias Santelmann) på døra. Dei har med seg ein dødsbodskap.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Julefilmen til Charlotte Blom er litt frisk, litt traust og litt tam.
Den neste presidenten i USA, Donald Trump, har sterke retoriske evner, meiner Gjermund Stenberg Eriksen.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB