JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Jordajente tatt av tida

Maria Lavik skriv sterkt om korleis tradisjon, plikt og kjærleik til garden må vike for realitetane i Bygde-Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Maria Lavik er forfattar og journalist.

Maria Lavik er forfattar og journalist.

Foto: Tove K. Breistein.

Maria Lavik er forfattar og journalist.

Maria Lavik er forfattar og journalist.

Foto: Tove K. Breistein.

5312
20240927
5312
20240927

Sakprosa

Maria Lavik:

Odelsskam

Samlaget

Sommaren 1984 vitja eg garden Lavik, der Aage Lavik, farfar til forfattaren (fødd same året) budde. Aage var ei kraft i bygdeopprøret som byrja med Hitra-aksjonen, heldt fram med Aksjon Bygde-Noreg og kulminerte med palassrevolusjonen i Norsk Bonde- og Småbrukarlag i 1981. Han var ein særs triveleg kar som eg hugsar med glede.

Men målet med ferda mi låg nokre kilometer lenger inn i Eksingedalen, garden til Helge Bergo, styremedlem i Bonde- og Småbrukarlaget, der eg var generalsekretær. Vanskane for Bygde-Noreg var openberre alt på 1970-talet. Helge Bergo stod fram som ideologen bak ein endra jordbrukspolitikk og inspirerte meg til å skrive ei avhandling i statsvitskap om avviklingsbonden, noko som førte meg via departementet til Småbrukarlaget.

«Skildringa av det sorglause livet i byen sett opp mot slit og forsaking på garden er slåande.»

Sterk prosa

Reisa til Eksingedalen rann meg i hug da eg las Odelsskam, boka til odelsdottera på Lavik, som skriv sjølvbiografisk om kvalane kring det å seie odelen frå seg og bli bufast i byen. Ho var jordajenta, som farfaren, besten, kalla henne.

Lavik har levert eit sterkt skriftstykke. Det vedkjem unge som legg bygda bak seg og finn seg til rette i det urbane.

Om folk som Marita Lavik skulle ville ta over heime, så måtte det vere lagt til rette for politisk. Men det motsette skjer. Dei som har mindre bruk, blir demotiverte. Tilskota er ikkje forma etter deira behov.

No er det alltid fleire grunnar til at folk snur bygda ryggen, og dette gjer Lavik greie for gjennom sterk prosa der kjenslene ligg på og mellom linene. Ho var tidleg eit skrivande menneske og drogst mot avisa, tok journalistutdanning og vart bladfyk. Ho har så visst ikkje hatt det lett, med den inderlege kjærleiken til odelsgarden og naturen i den tronge dalen, fellesskapen i arbeid og fest, sauesanking og smalahove.

Minneskrift

Ho vart ikkje pressa, far hennar var i røynda letta over avgjerda, men likevel, garden hadde høyrt til slekta i 15 slektsledd. Fleire av dei tidlegare eigarane hadde rike evner og ville dra ut, men pliktkjensle og tradisjon heldt dei fast. Skulle ho bli den som kutta det historiske bandet?

Ho bar også på tvilen om ho verkeleg var bonde, med alle dei krava som blir stilte: lære å køyre traktor, lære om husdyrsjukdommar, lære seg snikring, lære å sortere sauer til slakting.

I tillegg kom fåfengd leiting etter ein person som ville leve livet saman med henne i Eksingedalen, ein absolutt føresetnad.

Men kva slag gard var Lavik på den tid eigarskiftet nærma seg? Dei kring 90 sauene var selde i 2009, så blei jorda leigd ut, gratis, for å halde henne i hevd. Det var urealistisk for Maria å ta over. Garden var nedlagd, det økonomiske løftet ville bli for tungt. Men ho sleit med å ta dette inn over seg. Bokskrivinga hjelpte: «det gjekk opp for meg at denne boka er eit minneskrift».

Og det stemmer, eg les ei slektskrønike om forfedrar og -mødrer som la ned stort, samfunnsbyggande arbeid for bygda. Nostalgien får rikt spelerom, ho er laviking inn til mergen.

Lite jordbrukspolitisk

Det er skrive spaltekilometer om kor leitt det er at gardane blir nedlagde, at norske bygder er så vakre, at vi ikkje må få svenske tilstandar. Men lite er gjort som kunne endre trenden. Ein djupare verdidebatt om jordbruket har vi ikkje hatt. Avtalesystemet tek for seg tilpassingar innafor faste rammer. Dei ekspansive bøndene sit i styrande organ. Nedlagd gard tyder meir jord, større volum, hos dei attverande. Folket på bygdene gjer betre nytte for seg i urbane næringar enn ved å halde bruk og bygder i hevd. Materielt forbruk er overordna verdi.

Det som ville gjort bruk som Lavik liv laga, var ein politikk lik det vi finn i Sveits og Austerrike. Der blir det lagt langt større vekt på kollektive, felles gode. Næringa skal fylle andre mål enn produksjon: busetting, kulturlandskap, beredskap, natur og miljø, noko som måtte innebere kraftig oppgradering av deltidsbruket. Det er fullt mogleg, men avtalesystemet har vore heilagkåra. Bonden er vorten stor, men er om lag like fattig som før. Vinnarane er dei som leverer maskinene.

Eit aksiom om strukturrasjonalisering lagt på plass av Gerhardsen og bondeleiaren Arne Rostad i 1945 har vorte ståande fram til denne dag. Det undrar meg litt at Lavik ikkje skriv om desse drivkreftene, som ho nok har høyrt om kring kjøkkenbordet. Men det var ikkje ei jordbrukspolitisk bok ho ville skrive.

Barn av si tid

Skildringa av det sorglause livet i byen sett opp mot slit og forsaking på garden er slåande. At folk som Lavik rømmer bygdene, er heilt forståeleg. Éin stad skriv Lavik: «Plutseleg sit eg her på Sagene. Eg tok ikkje høgare utdanning for å koma meg ein plass, men for å ha det bra. Så enda eg opp her. I byen.»

Dette er tidsånda. Lavik er barn av si tid. Moderne framsteg har gjort det mogleg «å leve lett». Å gjere det ein har lyst til. Det fell ikkje lett å kritisere unge for å velje det behagelege. Foreldra har jamt over gjort det same. Mangt verdfullt går med i dragsuget.

Gjermund Bakkeli Haga

Gjermund Bakkeli Haga er statsvitar, bonde og tidlegare generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det blei teater av Brynjulf Jung Tjønns sterke og prislønte diktsamling.

Foto: Den Nationale Scene

Meldingar

Sterkt og poetisk om etnisk utanforskap

Ei enkel, framifrå framsyning om vondskapen som synest å ha bite seg fast i oss.

Jan H. Landro

Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.

KrigSamfunn

Krig og psyke

Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis