Bok
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Der dei fleste framstillingar av moderne norsk historie av vanvare hoppar over rolla til juristane og rettstenkinga i bygginga og utviklinga av den norske staten, er det nettopp dette som er hovudperspektivet til Slagstad: «Retten reflekterer mer en noen annen institusjon stadiene i norsk samfunnsutvikling.»
For Slagstad er historia om den moderne norske staten også ei historie om ei vedvarande spenning mellom «styringsjus» og «rettighetsjus». Styringsjuristane ser på retten som eit styringsinstrument for å fremje sosialøkonomisk nyttetenking. Rettsliberale juristar ser på retten som ein garanti for individuell autonomi i møte med ein stadig meir ekspansiv stat.
Om dette høyrest abstrakt ut – og Slagstad skriv gjennomgåande med eit høgt abstraksjonsnivå – er det ikkje vanskeleg å finne ferske døme på at spenninga mellom «styringsjus» og «rettighetsjus» er levande i dagens politiske ordskifte. Eit stikkord: Fosen-saka. Eit klårare døme på spenninga mellom kollektiv nyttetenking og vern av mindretalet er vanskeleg å finne.
I Høgsterett måtte den departementale styringsjussens vektlegging av kollektiv nytte framfor urfolksrettar vike for den internasjonale menneskerettsjussens vektlegging av rettane til individ og sårbare grupper. Poenget til Slagstad er at mange av fortidas store politiske stridsspørsmål, som reguleringslovgjeving, nasjonal kontroll av naturressursane, fullmaktslover og meir, også handla om ulike syn på kva funksjon retten skulle ha i staten.
Ulike syn på retten
På same vis kan vi betre forstå dagens politiske stridsspørsmål, anten det er urfolksrettar, innvandring eller vindkraft, om vi er meir merksame på at striden også står om ulike syn på retten. Når dagens politikarar åtvarar mot «rettsleggjering» av samfunnet som eit trugsmål mot folkestyret, er det eigentleg ein kritikk av den rettsliberale posisjonen. Det tradisjonelle hegemoniet til styringsjussen i Noreg vert i dag utfordra av ein EØS-rett og internasjonal menneskerettsjuss med sterkare vekt på individuelle rettar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.