JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

6872
20241018
6872
20241018

Sakprosa

Erik Bjerck Hagen:

Alexander Kiellands romaner. Ein litteraturkritisk under­søkelse

Dreyers Forlag

Det er 175 år sidan Alexander L. Kielland vart fødd, og det markerer Erik Bjerck Hagen og Dreyers Forlag med ei bok som rett og slett stiller spørsmålet om Kielland er verd å lesa i dag. Og som svarar eit rungande ja på det spørsmålet. Det gleder ein Kielland-elskar som meg.

Eg må straks flagga at eg i ein viss forstand er ein del av prosjektet til Hagen, fordi han i stor grad skriv om kritikken og lesingane av Kielland, og mi bok om Kielland som melodramatikar blir stadig sitert, og dels imøtegått. Ein del av prosjektet hans er å samanlikna dei samtidige lesingane med seinare kritikk, og ofte brukar han samtidskritikken som korrektiv til dei nyare lesingane.

«Det eg stiller meg kritisk til, er at Hagen identifiserer seg for sterkt med det ideologiske i Kiellands bøker.»

Litteraturkritikk, slik han blir praktisert i aviser og tidsskrift, handlar ofte om å vurdera kvalitet. Og det er nettopp Hagens prosjekt. Medan litterære analysar frå akademisk hald ofte er varsame med å trilla terningen, har Hagen ingen reservasjonar her. Tvert om: Ikkje berre seier han klart frå om kva slags bøker som er best. Han vurderer også kvar einskild scene og kvar einskild person i romanane, og gir dei karakter. Det er uvanleg, og stundom provoserande (om ein er usamd), men det gjer at boka er engasjerande å lesa. På meg verka denne gjennomgangen stimulerande, og særleg likar eg godt korleis han brukar samtidskritikken i denne diskusjonen. Han har godt oversyn over kva slags meldingar bøkene fekk, og brukar dette aktivt.

Tendens

Vanlegvis har ein sett på Kiellands romanar i eit forfallsperspektiv: Han starta på toppen, med Garman & Worse og Skipper Worse som dei beste, Gift vert også ofte rekna med. Så kom ein periode der han skreiv tyngre og hadde det vanskelegare, og dei siste bøkene blir rekna som svakare, det gjeld både St. Hans Fest, Sne og Jacob, som var den siste roman han gav ut.

Erik Bjerck Hagen opponerer mot dette. Han plasserer (som mange andre) den tidlege Arbeidsfolk langt nede på karakterskalaen, derimot lyfter han opp Sne, St. Hans Fest og Jacob. Kriteria gjer han klart ganske tidleg: Det finst god og dårleg tendens, og det finst god og dårleg sentimentalitet. Kielland var jo ein Dickens-inspirert forfattar, og den store engelske romanmeisteren kombinerte tendens (og satire) med sentimentalitet.

Tendensen er god når han er treffande i samfunnet, og når han er integrert i romanen. Og sentimentaliteten er god når personane som blir ramma, har ei viss djupne og truverd. I Arbeidsfolk er personane flate og usannsynlege, verken skurkar eller offer engasjerer oss. Derimot blir vi engasjert i Sara Torvastad og skipper Worse, dei er personar med større tyngde.

Med desse kriteria blir også den mindre kjende Sne teken inn i varmen (!); heltinna Gabrielle og ikkje minst den ulykkelege fru Jürges grip oss. Han finn også gode personar som blir skadelidande av framferda til Tørres Snørtevold i Jacob, og han finn nokre menneskelege trekk i denne oppkomlingen som berre tenkjer på «gull og jenter, jenter og gull».

Vi får altså eit gjensyn med heile Kiellands romanunivers, ganske detaljert, og eg synes Hagen greier å visa fram Kiellands kvalitetar. Det er også snakk om den mest elegante forfattaren i sin generasjon, og utan tvil den lettaste å lesa i dag.

Alexander Lange Kielland vart fødd i Stavanger i 1849 og døydde i Bergen i 1906.

Foto: Emil Hohlenberg / Wikipedia Commons

Ideologi

Det eg stiller meg kritisk til, er at Hagen identifiserer seg for sterkt med det ideologiske i Kiellands bøker. Dei gamle kritikarane og litteraturhistorikarane stilte seg skulder ved skulder med dei realistiske forfattarane på 1880-talet: Ikkje berre var dei gode forfattarar, men dei hadde rett i politiske og ideologiske spørsmål. Dei var gode brandesianarar, og det var også kritikarane.

Kiellands verdi var ikkje berre at han skreiv godt, men at han var mot statskyrkja og stemte Venstre. Dette kan minna om Olav Storsteins bok Kielland på ny, frå 1930-talet.

I Kielland-forskinga etter krigen var denne legeringa dregen i tvil. Johs. Lunde påviste at Kielland var mindre eintydig enn ein tenkte seg; han var sterkt prega av den aristokratiske bakgrunnen sin og vakla mellom solidaritet med dei lågare klassane og forakt for folk flest. Lunde leita fram dei konservative verdiane hos Kielland, og gjekk langt i å identifisera han med ein kulturell kristendom.

Owe Apeland, som Hagen har lånt tittelen til si bok frå (Alexander L. Kiellands romaner), skilde skarpare mellom ideologi og estetisk form. Han var ein pioner i å analysera fram dei estetiske mønstera i Kiellands romanar. Ein kritikk av Kielland i samtida var at han ikkje greidde skapa heilskap i romanane, det var lause episodar. Etter Apeland er det vanskeleg å hevda, for han viser korleis bildeelementa – havet, auga, støvet, snøen – i høg grad skaper velkomponerte verk.

Hagen går tilbake til dei eldre Kielland-lesarane og held fast på sambandet mellom kvaliteten på romanane og sanningsgehalten i ideologisk standpunkt. St. Hans Fest er ei god bok fordi ho gir eit truverdig og skremmande portrett av ein rein maktperson – Morten Kruse. Sne er ei god bok fordi Gabriele har rett, for å seia det litt unyansert.

Spenningar

Eg heller nok meir mot Apelands syn (min gamle norsklærar). Dersom ein skal vurdere kvaliteten etter om Kielland har rett i politisk og religiøst syn, blir for eksempel St. Hans Fest problematisk, fordi boka er eit direkte åtak på ein samtidig person, Lars Oftedal. Han var utan tvil ein maktperson, men han var også mykje anna: ein pioner i sosialt arbeid, ein sterk talsmann for lekfolket mot embetsverket osv.

Som estetisk produkt er boka fortrinnleg, nettopp fordi ho viser fram ein type som politikarane kan likne meir eller mindre på. Som påstand om Oftedal er ho problematisk. Det tette sambandet mellom kvalitet og religiøse og politiske standpunkt gjer at forsvaret for romanane blir identisk med forsvaret av forfattaren. Mot dette kan ein innvenda at det er spenningane i Kielland – aristokrati mot sympati med «folket», ambivalens i religionskritikken også vidare – som er mest fruktbare i Kiellands kreative arbeid, og at tekstar som St. Hans Fest og Jacob er interessante fordi spenningane her blir så sterke.

Dette kan ein vurdera som ein vil. Boka til Erik Bjerck Hagen er verdifull fordi ho set fyr på denne diskusjonen og sender oss tilbake til Kiellands romanar. Sjølv om vi les Kielland ulikt, er vi samde om at denne klassikaren lever godt også i dag. Dei mange scenene som blir siterte i boka, viser det til fulle. Til sjuande og sist er Kiellands romanar det beste forsvaret for Kielland.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis