Bok

Langrenn før syndefallet

Kjenneteiknet på bøkene til Thor Gotaas er stor detaljrikdom, men i boka om Oddvar Brå vert det for mykje referat.

Oddvar Brå i femmila i VM i ski i Oslo i 1982.
Oddvar Brå i femmila i VM i ski i Oslo i 1982.
Publisert

Ho måtte jo kome til slutt, den store boka om Oddvar Brå. Guten frå Hølonda som var både seig og snøgg. Traust som eit grantre. Og det låg vel i korta at det var Thor Gotaas som skulle skrive boka. Han har ei lang rekkje svært gode bøker på lista si. Ingen kan som han fortelje skjulte historier om Noreg. Gotaas er vår beste sportshistorikar. Den langrennsgale folkloristen skriv bøker i eit tempo som få andre. Berre i 2017 gav han ut tre bøker.

Eg vil ikkje seie at han generelt skriv for snøgt, men nett denne boka kunne han ha teke seg betre tid med: Ho er for lang og refererande. Er dette ein biografi eller ei bok om kjærleiken Gotaas (og Brå) har til langrenn? Det skortar ikkje på detaljar: Gotaas kan det meste om trening, norske klubbløparar, smørjing, eting og resultatlister.

Kronologi

Brå er lite synleg i teksten, i direkte tale. Gotaas har laga ei kronologisk historie, basert på ei lang rekkje kjelder. Vi fylgjer Brå frå dei fyrste brødskivene i pausane i arbeidet på heimgarden heilt fram til 2018, godt og vel 1200 konkurransar seinare. Det som står fram, er Brås kjærleik til langrenn. Og Brå kjem godt ut av det, kanskje for godt? Han blir framstilt som profesjonell og jordnær, som ein som aldri gløymde kor han kom frå, eller vart høg på seg sjølv. Juha Mieto, Thomas Wassberg, Ivar Formo og Magnar Lundemo er med oss heile boka igjennom.

Gotaas er god på å ordne mange fakta om treningsformer og treningstider, resultat og kva som skjedde til kva tid. Men då vert det ikkje underleg at boka kan verke keisam og oppramsande til tider, sjølv om Gotaas har ein framifrå penn.

Skandalefri

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement