Bok
    Levande innsikt om døyande insekt
    Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
    
    
        Miridae, ei bladtege med oval form.
        Foto: via Wikimedia Commons
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Ein seinsommardag eg sat på krakken inne i ripsbuskvillniset for å hauste inn til årets siste saftkoking, landa ei bladtege på låret mitt. Så ei til, av ein annan art. Eg blei var insekta i ripsen og rundt meg. Nokre meter unna summa bier og humler i bergmyntebedet.
Det er meir enn 150 bladtegeartar i Noreg. Av villbier og humler er det over 200. Eg har ikkje kunnskap nok til å artsbestemme så mange av dei, men det har til gagns den røynde biologen Erik Tunstad. Han er forfattar og forskingsjournalist; ein mangesidig formidlar av naturvitskap. Insekt har han vore lidenskapeleg oppteken av sidan barndomen.
Alarmerande utvikling
Det blir færre insekt. Med desse lagnadstunge orda opnar Tunstad boka Å elske et insekt. Vi har høyrt det før og kjem til å høyre det igjen: Insekta døyr i urovekkande høgt tempo. Det er observerbart. Tal frå organiserte teljingar syner dramatisk reduksjon i bestandar hos mange artar, fleire av dei er i ferd med å forsvinne heilt. Insekt døyr ut åtte gongar snøggare enn pattedyr og fuglar.
Med sin eigen hage som ståstad syner Tunstad oss levekåra til insekta i både pallekarm og regnskog. Han syner oss artsrikdomen, mylderet, insekta i eit langt historisk perspektiv og korleis dei tilpassar seg endringar i miljø og leveområde. Gjennom fleire hundre millionar år har insekta overlevd store naturkatastrofar. Dei har synt seg særs levedyktige. Difor ligg det eit alarmerande alvor i at dei no verkeleg ser ut til å slite.
Kjende årsaker 
    
                        
    
        
                    
            
                
Digital tilgang – heilt utan binding
                Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.