Bok

Meisterleg om mytteri

Gjennom eminent kjeldebruk skriv David Grann seg tett opptil hendingar for snart 300 år sidan.

David Grann (f. 1967) er amerikansk bestseljarforfattar og prisvinnande journalist i The New Yorker.
David Grann (f. 1967) er amerikansk bestseljarforfattar og prisvinnande journalist i The New Yorker.
Publisert Sist oppdatert

Krigen om Jenkins’ øyre (1739–1748) var ein av mange væpna konfliktar mellom Storbritannia og Spania på 1700-talet, og det spesielle namnet skriv seg frå da kaptein Robert Jenkins blei praia av spansk kystvakt. Under tumultane som oppstod, vart det eine øyret kutta av han. Dette øyret hadde han på eit glas med sprit. Da han i 1738 slapp til i Underhuset, viste han fram øyret, og det var god nok grunn til å erklære krig mot Spania i 1739.

Heile krigen var prega av sjørøveri og kaperfart, plyndring av handelsstasjonar i dei spanske koloniane og eitt og anna sjøslag mellom marinefartøy. Wager var eit slikt marinefartøy i ein skvadron samansett av fem krigsskip, ein rekognoseringsslupp og to mindre lasteskip. Skvadronen la ut frå Portsmouth i september 1740 og hadde eit mannskap på 1854. Offiserskorpset kom til ein viss grad frå britisk aristokrati, og resten representerte heile det sosiale spekteret, i alder var dei eldste over åtti, dei yngste var tenåringar.

Overlevande

Ein av dei som overlevde og kom heim til England, var den 16 år gamle kadetten John Byron, bestefar til poeten lord Byron. Overlevde gjorde også admiral George Anson, øvstkommanderande for heile skvadronen, kapteinen på Wager, David Cheap, og kanoner John Bulkeley, alle fire personar som David Grann følgjer tett gjennom heile den storslåtte forteljinga.

Målet for ekspedisjonen var å segle rundt Kapp Horn og inn i Stillehavet for å utfordre den spanske dominansen, samtidig som plyndring av spanske handelsskip stod på agendaen. Det var ingen spøk å segle rundt Kapp Horn på 1700-talet, og i eit forrykande uvêr blei skvadronen splitta opp og mista kontakten med kvarandre. Wager fekk store skadar, mista styringa og dreiv inn mot ei øy langt sør i dagens Chile, i Patagonia. Øya heiter i dag Wager Island, eller Isla Wager på spansk.

Øya var karrig og ugjestmild, folketom, og det å finne mat i tillegg til forsyningane dei fekk henta inn frå vraket, var eit dagleg slit. Rangordninga på øya var som på skipet: Kapteinen hadde kommandoen, dei andre hadde å lystre og utføre pliktene dei blei pålagde under streng disiplin. Plikt stod over fornuft, og etter kvart som svolt og sjukdom, kulde, regn og piskande stormar tærte på kreftene, oppstod det ulike grupperingar blant mannskapet, og nokre flytta ut av hovudleiren. Cheaps leiarskap blei utfordra, og det enda med at Cheap skaut og drap ein av mytteristane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement