Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.

Foto: Solum Bokvennen

2738
20241122
2738
20241122

Forteljingar

Mircea Cărtărescu:

Melankolien

Omsett av Steinar Lone
Solum Bokvennen

Solum Bokvennen gav ut sju titlar av rumenske Mircea Cartarescu (f. 1956) mellom 1998 og 2011. Så blei det stille fram til i fjor, da mursteinen Solenoid kom på norsk. I år er han her igjen, med Melankolien. Alle bøkene er omsette av Steinar Lone. Han fekk nyleg Det rumenske kulturinstituttets pris for beste omsetjing i 2023. I 2008 fekk han omsetjarprisen til Norsk kritikarlag, også for ei omsetjing av Cartarescu.

«Det er eit enormt sug i denne teksten.»

Flytande draumeverd

Melankolien består av tre forteljingar ramma inn av ein prolog («Dansen») og ein epilog («Fengselet»). Melankolien er den overordna tittelen på dei tre forteljingane «Bruene», «Revene» og «Hudene». Perspektivet ligg hos ein femåring, hos ein åtteåring og hos ein femtenåring. Dei vaksne, foreldre og lærarar, er berre til stades som skuggar eller som «to vindpust som het mor og far».

Cartarescu skriv fram ei flytande draumeverd, vakker og suggererande, eventyraktig og fortryllande, magisk og mystisk, spegelvend og labyrintisk. Alt kan skje utan logiske samanhengar; det er barnet si fantasiverd Cartarescu går inn i med vidopne sansar – syn, lukt, smak, høyrsel og intuisjon formar barnets oppfatning av verda med «en dump stillhet, fra før ørene hadde dukket opp i verden». Det gir ei kjensle av einsemd og melankoli: «Det var så øde, så stille, så geometrisk melankolsk.»

Kulissane rundt desse barna er byen (Bucuresti?) med bustadblokker, fabrikkar, gateløp, gravlundar, gardsrom og opne plassar med trikkar som passerer og får murpuss til å falle og rustne låsar til å smuldre opp i eit forfall som er skildra med konkret presisjon. Ofte står eit vinterlandskap bada i månelys sentralt, vakkert, men også skremmande når fantasien tar over og regnbogen er fullt mogleg å gå på over til nabohusa.

Eksistensielt alvor

Det eksistensielle alvoret hos desse barna er bildelagt med ei kjensle av å vere fanga i ein klump med rav, umogleg å komme bort frå sjølv om ein skifter hud og henger den avlagde huda i klesskapet. Pubertet og kjønnsidentitet er også ein del av den erkjenningsprosessen ein femtenåring må igjennom.

Det er eit enormt sug i denne teksten, svimlande djup og ei forheksa stemning som tar pusten frå lesaren og får barndommen heilt nær igjen som ei magisk verd ein har forlatt, men som kan dukke opp igjen som draum og melankoli.

Mircea Cartarescu blir ofte nemnd som ein sterk og verdig kandidat til Nobels litteraturpris. Vi får vente og sjå. Etter mi meining er dette ei av dei beste bøkene denne hausten.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis