Bok

Nicolai Houm tar pulsen på det samtidslitterære Noreg.

Nicolai Houm har skrive både romanar og barnebøker, og han har arbeidd som forlagsredaktør i mange år.
Nicolai Houm har skrive både romanar og barnebøker, og han har arbeidd som forlagsredaktør i mange år.
Publisert Sist oppdatert

Ein gammal kompis hadde det med å slenge på «sa brura» når han hadde levert ein replikk eller ein kommentar, og ofte var det morosamt og treffande fram til det punktet der alle visste kva som kom. Denne verbale klisjeen går att i Nicolai Houms nye roman Hver torsdag klokken nitten, og det er ein av dei ti deltakarane på kurset «Kreativ skriving i regi av Nicolai Houm» som stadig slår om seg med dette munnhellet. Det gjer at han på kurset berre blir kalla Sabrura.

Kursgruppa

Vi er i Drammen nokre månader før jul 2023, og vi endar opp i helsevesenet i januar 2024. Det som hender i denne perioden, får lesaren vite gjennom ein kollektiv vi-forteljar, stemma til Nicolai Houms kursgruppe.

Houm sjølv framstår som ein middelaldrande, nervøs, sliten, upåliteleg og litt forfylla kurshaldar med pengeproblem og vedvarande skrivesperre, ein som alltid kjem for seint og etter kvart har mindre og mindre å bidra med, fram til gruppa overtar styringa, med dei intrigane og konfliktane som ligg under ei jovial overflate.

Kursdeltakarane er forplikta til å levere tekstar til felles vurdering, og desse tekstane er fordelte utover i romanen som noveller innanfor ulike sjangrar frå western, krim og eventyr til sjølvopplevd tafsing i MDGs lokallag i Drammen.

Denne metoolinken går rett inn i det politisk dagsaktuelle der media støtt og stadig har oppslag kring godt vaksne politikarar som har problem med grensesetting overfor unge jenter i partiapparatet. Houm har også eit stikk til plagiatsaka kring Ingvild Kjerkhol, for ein kursdeltakar blir så inspirert av «Snøkvit og dei sju dvergane» at ho meir og mindre skriv av og leverer Grimm-eventyret som sin eigen tekst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement