Om tru, tvil og tyl
Rolf Losnegård skildrar folkelivet med overdriving, melodrama, innsikt og infamitet.
Rolf Losnegard har gitt ut ei rekkje bøker og skodespel og er mest kjend som manusforfattar for Kinnaspelet.
Roman
Rolf Losnegård:
Prinsen av Håla
Selja Forlag
For vel femti år sidan gjekk det ein serie på NRK med tittelen Maksveringar, og denne serien vart populær der eg budde. Mange gjekk ikring og sa «rimelegvis» på ein spesiell måte etter ein av karakterane i serien, og eg merkte meg namnet på manusforfattaren, Rolf Losnegård.
No ligg det føre ein tjukk roman, Prinsen av Håla, av same Losnegård, og den vekkjer minne frå Maksveringar, både ved likskap og ved skilnad. Likskapen er miljøet, ei arm og karrig vestlandsbygd i etterkrigstida. Skilnaden er at der Maksveringar først og fremst var ein komedie, er Prinsen av Håla å forstå som ein tragedie.
Medan forfattaren absolutt spela på heimebane i det komiske, er han stundom på bortebane i det tragiske, som tidt vert til melodramatiske arvelutar frå gotisk litteratur, med drap i natt og skodde, med blod og skrik og fælslege lagnader. Kvar for seg kan dei godt vera truverdige, men samla verkar dei konstruerte og mindre engasjerande enn dei skildringane frå folkelivet som elles trengjer seg fram or den rike kapitalen Losnegård har av røynsler og gode observasjonar.
«Handlinga i boka, plottet, greip ikkje tak i meg.»
Overdramatisert
I Håla bur guten Magnus. Han er son av ein epileptisk, sterkt religiøs og tidvis sinnsforvirra emissær, Alvin, og ei bergensk kvinne som heiter Elvira. Dei bur saman med fleire generasjonar familie, der eit slags overhovud er den beiske oldemora Malena.
I området der Håla ligg, er det vanleg å ha tyl for pengar, det vil seie folk med ulike grader av evneveikskap eller sinnssjukdom. Tylar vert knapt rekna for menneske, og eit mogleg oppgjer med denne haldninga er eit viktig sidemotiv i romanen, av mykje større verdi enn dei overdramatiserte hendingane. Det er Magnus som kjem mest i tvil om haldningane andsynes dei mogleg åndssvake.
Ein av tylane vert for det meste kalla Katen, det tyder guten. Det syner seg at han kan vera halvbroren til Magnus, avla i blodskam. Men bodskapen om blodskam er eit skambod frå lagnaden, ei lygn som skal gje nerve og spenning, men som løyser seg opp, om enn for seint, av di noko av det mest dramatiske skjer for fort: Katen vert drepen, eller døyr i ei ulukke, ei skoddetung natt etter eit torevêr, tidleg i boka.
folkelivsskildringar
Handlinga i boka, plottet, greip ikkje tak i meg. Men mangt i skildringane av folkelivet gjorde det, for der er Losnegård den store eksperten. I boka har dei fleste personane utnamn, slik det ein gong var, både vanlege folk og tylar. Tyl lyt ha lyte, lit på det.
Men lyta identifiserer også dei andre, i ein slik grad at om ein er lytefri, er det også ein skort, i eit samfunn der alt som går føre seg, vert tema for krambukrammet, ein lausleg samansett redaksjon for ei munnleg lokalavis under konstant oppdatering. Og her er fabelaktige småscener og sann tidskoloritt representert ved oldemor Malena sin evige konflikt med ein uhygienisk hane, eller ei kvinne i boka som ikkje kan bu i same hus som ein mann med fullskjegg.
Slike saker lyt ein ha opplevd for å vita om, men no kan ein også lesa om det, i denne litt uryddige romanen, som godt kunne ha vorte kutta til det halve. Han kunne òg konsentrert merksemda om det motivet som druknar i dramatikk, nemleg kva menneskeverd er, eller som ei av tylane, Heilage Maria, seier, då ho vil melda ei valdtekt og lensmannen ikkje trur at ein tyl åleine kan melda noko som helst: «Eg e no menneskje, eg òg.»
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.
Foto: Arthaus
Årets dårlegaste?
Verken innhald eller bodskap gjev meining i Paolo Sorrentinos siste rampestrek.
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.