Ordets makt
Linda Boström Knausgård skriv med djup og nærverande innsikt i barnesinnet.
Linda Boström Knausgård skriv om elleve år gamle Ellen.
Foto: Christina Ottosson
ROMAN
Linda Boström
Knausgård:
Velkommen til
Amerika
Oktober
Forfattarskapen til Linda Boström Knausgård (f. 1972) omfattar fire titlar over 19 år; ei diktsamling, ei novellesamling og to romanar. Samla er det under 400 sider, omtrent på linje med éin roman av ektemannen Karl Ove Knausgård. Men kvalitet har ingen ting med sidetal å gjere, og det eksklusive i Linda Boström Knausgårds forfattarskap kan ingen trekke i tvil. Velkommen til Amerika er den tredje boka hennar på norsk, alle omsette av Monica Aasprong.
Urscene
I litteraturen er den ulukkelege familien ein urscene der mellommenneskelege relasjonar speler seg ut i eit fortetta og intenst kammerspel, og det er dette som er utgangspunktet for Linda Boström Knausgård når ho går inn i og portretterer den elleveårige Ellen, tidleg i puberteten, men med barndommens magiske tenking intakt. Ho bur saman med mora og broren; den alkoholiserte faren er død, samtidig som at han enda lever i Ellen i kraft av ei sterk skuldkjensle for at han er borte. For ho har bedt til Gud om at han skulle dø, og i spennet mellom dødsdrift og livslyst prøver Ellen på sitt vis å takle tilværet ved å nekte å snakke. Ho stenger seg inne i seg sjølv, broren spikrar igjen døra til rommet sitt, mora lever i kunsten som skodespelar på Dramaten, og denne trykkande avstanden i familien blir berre forsterka gjennom mora si insistering på at «vi er en lys familie», og ei vegring mot å søke profesjonell hjelp.
Ellen slit med ei sterk frykt for å bli vaksen: «Jeg sluttet å snakke da voksingen tok for stor plass i meg». Ved å stanse språket kan ho også stanse den fysiske veksten, og ho ber til Gud om å sleppe å bli vaksen, for ho har opplevd ordets makt gjennom farens død. Og denne barnlege måten å kontrollere på, gjennom tagnad og fråvær, blir samtidig den ultimate provokasjonen i møtet med dei næraste og i møtet med omverda.
Ein lengt
Likevel har ho ei forankring i språket gjennom ei ubrukt skrivebok og gjennom timar i teateret saman med mora; samtidig har ho døden på rommet sitt gjennom ein kniv ho har gøymt. I dette spennet lever ho med ein lengt etter å bli sett, forstått og tatt vare på.
Språket er klart som krystall, skjørt, poetisk og med allusjonar til religion og mytologi. Tittelen Velkommen til Amerika viser til eit stykke der mora speler ei fallen fridomsgudinne med sløkt fakkel og med eit spegelskår i panna. Dette er familiesituasjonen i eit komprimert bilde.
Velkommen til Amerika er på under hundre sider, men på desse sidene maktar forfattaren å skape eit overlys som får mørkret til å vike for ei grunnleggjande sanning om kunstens vesen.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Språket er klart som krystall, skjørt og poetisk.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.