JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

«Så stig da i meg, einsemd»

Kristin Tveitens soge er nesten uuthaldeleg trist og monoton.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kristin Tveiten kjem frå Seljord og debuterte som romanforfattar i 2021.

Foto: Oda Berby

3841
20240705
3841
20240705

Roman

Kristin Tveiten:

Nålehuset

Samlaget

Osvald blir fødd som «lausunge» ein gong på midten av 1900-talet. Mora verkar ikkje «heilt god», i alle høve er ho lite god mot sonen sin. Det er berre dei to. Oppveksten merkar sjølvsagt Osvald for livet, eit liv som Nålehuset følgjer nesten til endes. På andre sida av fjorden veks jamaldringen Frank opp, son av storbonden. Desse to er fiendar heile livet, og spenninga mellom dei og kva som ligg under, er det som skal drive denne soga framover.

Boka opnar som ein krim, med ei scene frå eit landsens lensmannskontor der ein person kjem for å melde ei mistenkeleg hending. Så spolar forteljinga åtti år bakover og byrjar skildringa av Osvalds barndom heime på garden saman med mora.

Tung oppvekst

Det er ein trong oppvekst der det religiøse spelar ei viktig rolle, ein kristendom av det refsande slaget. Mor til Osvald er like religiøs som ho er brutal. Ho mishandlar guten sin, både spontant og planlagt utspekulert.

Det einaste lyspunktet er smeden Salve, som heldigvis bur rett ved sida av. Osvald går ut og inn hos denne reservepappaen. Smeden lærer han opp i smedkunsten og – endå viktigare – i livskunsten, hos smeden får han litt av den gode nærleiken eit barn er avhengig av. Utan Salve hadde det nok gått mykje meir gale med Osvald. Guten har det heller ikkje godt på skulen, særleg er denne storbondesonen ute etter han. Vi skal etter kvart skjøne kvifor.

Her er mange nære skildringar av bondelivet i førre hundreåret med reiskapar og andre miljøskapande element godt på plass. Dette har Tveiten greie på, detaljane er presise og truverdige.

Det blir ein lette både for Osvald og for lesaren når han eit stykke ut i boka kjem seg vekk. I Oslo møter han jamvel kjærleiken.

Dette velsigna og avvekslande ljosglimtet tar fort slutt. Altfor snart er Osvald heime att. På garden held det traudige livet fram som før, med den forskjellen at mora no syner endå sterkare teikn på å vere mentalt sjuk. Likevel forsvinn moras dramatiske fall i funksjonsevne snart av syne, og blir ikkje gjord noko større ut av.

Monotoni

I det heile opplever eg Tveitens roman som monoton. I det legg eg at det skjer for lite på handlingsplanet, og at stemningsleiet gjennom romanen som heilskap er for lite variert. Det er gjennomgåande mollstemt, og boka blir tung å komme gjennom.

Det krimaktige anslaget får si fullbyrding heilt til slutt, på dei aller siste sidene i boka. For lesaren blir det veldig lenge å vente. Sjølv om vi får drypp undervegs som litt etter litt avslører den dulde historia og dramatikken mellom storbonden, Osvald og mor hans, er ikkje dette nok til å halde lesaren i ande.

Kanskje er meininga at spenninga i romanen skal vere meir på det indre planet. Det er originalt at offeret er ein gut som blir mann, og overgriparen ei kvinne. Det gjer vondt å lese om mishandlinga. Likevel er ikkje Osvald som person riktig så interessant eller original at han kan bere heile soga. Synsvinkelen ligg fast hos Osvald i ei eg-forteljing. Om denne i staden hadde blitt laga som eit prisme med fleire perspektiv, ville monotonien ha blitt broten og det heile fungert betre.

Språkleg har Tveiten ei stø hand. Setningane er korte og presise. Dei forsiktige innslaga av dialektprega og litt gamalmodig nynorsk språk fungerer fint. Men forfattaren kjem ikkje med særleg mange originale formuleringar eller stemningsskapande metaforar som kunne ha gitt teksten ein type friksjon, og som hadde gjort han meir spennande å lese.

Desse innvendingane gjer diverre at forteljinga om dette fåfengde livet (som hovudkarakteren sjølv uttrykker det), trass i sine sterke sider, ikkje heilt engasjerer.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Språkleg har Tveiten ei stø hand.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Foto: Omar Havana / AP

Samfunn

Bråkmakar øvst ved bordet

Den største urokråka internt i EU har overteke formannskapen i EUs ministerråd. Mest påverknad framover kan Viktor Orbán kome til å ha i Europaparlamentet.

Eva Aalberg Undheim

Foto: AP / NTB

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Springsteens «før og etter»

Det går an å skrive ei heil bok om Born in the U.S.A., i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden.

I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
ØyvindNordli

«Det er absurd at dei fremste klimaforskarane i Noreg skulle bli samde om å lure resten av folket til å tru noko som ikkje er sant.»

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis