Bok
Skjermbruksvett
Skjermen er den nye synda i tilværet. Og debatten rullar.
Maja Lunde har skrive om korleis teknologien tek over barndommen.
Foto: Agnete Brun
Ingen trur heilt på å leve utan. Men det blir kanskje litt mykje, kvar dag, for kvar enkelt av oss. Dei unge er dessutan raske med å komme framfor oss, og som med alt som er gøy her i verda, blir nokon heilt avhengige av det. Men er skjermen eit digitalt rusmiddel?
Forfattaren Maja Lunde har gjort seg til frontfigur for ei veksande skjermfrykt og eit veksande krav om kontroll av utviklinga. Lunde, trebarnsmor, har kjent problemet på kroppen, som mang ein forelder som følgjer med, og har lenge sagt at barndommen er under angrep. Samfunnet må med reglar legge tilhøva i skolen betre til rette for læring, meiner ho og vil ha politisk handling. Forslaget er: «forbud mot private digitale enheter av alle slag i skolen».
I kampskriftet Skjerm barna, den første sakprosaboka ho har skrive, får vi òg høyre korleis vi som har levd nokre år, kan opptre heilt ukritisk i vår bruk av skjermen. Som forbilde er det opp til oss å praktisere klokt nettvett.
Kakofoni i klassen
Norsk skole skulle digitaliserast, og røynslene her skriv Lunde mykje om. Gjennom brett på kvar pult og i kvar ransel skulle barn bli klokare enn før. Men kanskje vart dei ikkje fullt så kloke av å få alle dei kostbare nye verktøya inn i læringsrommet. For kor vart det av arbeidet med å lære? Å lære er nemleg eit arbeid barn må gjere. Det kjem ein ikkje utanom, og det krev konsentrasjon. Kjedeleg kan det vere, og ungar likar lite det som er kjedeleg – om dei kan sleppe, og ikkje får internalisert forståinga av at det må til.
No er det så mange impulsar frå skjermen kvar dag som heile tida trugar med å forstyrre læringa, at læraren ofte står sjakk matt. Chat og grupper og meldingar, alt ein skal sjå, og ikkje minst stoff mest meint for vaksne, tar tid, time på time, kvar dag. Den digitale verda kan vere ei verd av sjokkerande syn for unge sinn, syn som så klistrar seg på netthinna og blir der. «Jeg skal bare dø først» er eit kapittel som viser kva som herjar inne i den enno ikkje utvikla «gaminghjernen» til dei unge, når spelverda går føre alt anna.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.