JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Sviket mot dei sjukaste

Randi Rosenqvist har skrive eit glødande kamp­skrift for den pasientgruppa ho har arbeidd med i femti år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Randi Rosenqvist er psykiater. Ho leier i dag ein nasjonal aksjon for å halda på dei psykiatriske sjukehusa, der det er mogeleg med lange opphald for dei som treng det.

Foto: Fin Serck-Hanssen

5899
20241004
5899
20241004

Sakprosa

Randi Rosenqvist:

Mitt liv, mitt fag: Tung psykiatri. Sviket mot de sykeste

Kagge Forlag

Dei fleste av oss har lagt merke til Randi Rosenqvist. Når alvorlege brotsverk pregar media, blir ho gjerne tilkalla og spurd om grenselinjene mellom straff og behandling, juss og psykiatri. Ho er ein av tungvektarane i disi­plinen rettspsykiatri, og kjenner det vanskelege farvatnet mellom straff og det som blir kalla tvunge psykisk helsevern.

No er ho pensjonist og har skrive om eit yrkesliv innanfor dette feltet. Undertittelen på boka er dekkande: «Sviket mot de sykeste». Medan både politikarar og andre kjende folk lett kan falla for freistinga til å skriva sjølvbio­grafiske skrytealbum, brukar Rosenqvist memoarformatet til noko heilt anna. Ho har skrive eit glødande kampskrift for den pasientgruppa ho har arbeidd med i femti år: dei aller sjukaste, menneske som har små utsikter til å greia seg sjølv eller bli friske.

Forfattaren kjenner psykiatrifeltet godt, og ho har vore med på mange av dei store endringane der. Ho var med i viktige prosessar, som til dømes diskusjonen om Reitgjerdet, som hadde ansvar for dei sjukaste og farlegaste pasientane.

Ho har vore med i ei rekkje utval som har arbeid med retts­psykiatri, har skrive lærebok om dette, og greier myndig ut om forholdet mellom juss og sjukdom.

«Stemma til Rosenqvist er streng og insisterande: Dei svært sjuke pasientane kan få eit langt betre liv om dei får leva i stabil pleie på ein institusjon med nok personale.»

Psykisk helsevern

Hennar vurdering er at mange av endringane i psykisk helsevern har vore gode. Dei store asyla greidde ikkje å få mange ut av sjukdommen, dei fekk preg av oppbevaring. Men dei var ei stor forbetring frå den tida dei sjukaste vart plasserte saman med husdyra på gardane.

Reformene frå syttitalet av gjekk ut på å avvikla dei store institusjonane og føra flest mogeleg tilbake til kommunane. Der fekk dei bustader og tilsyn. Det var godt for mange.

Men ikkje for alle. Dei sjukaste, og mellom dei pasientar med valdeleg potensial, kom inn i ein karusell. Dei vart lagde inn, gjerne med tvang. Dei er for sjuke til å greia seg i dei opne kommunale tilboda.

Men dei aller fleste sengene i langtidspleie er borte. I løpet av den såkalla langtidsplanen for psykisk helse vart talet på sengeplassar redusert frå om lag 16.000 til 3000. Ein del av desse plassane må brukast til dei som er dømde til psykisk helsevern: Rettsvesenet dømer institusjonane til å ta dei inn. Då blir det endå færre plassar att for dei sjuke som ikkje er farlege, men som ikkje greier seg sjølv.

Det fører til utskriving etter få dagar, ei stadig sending frå den eine instansen til den andre, og nesten alltid tilbake til sjukehuset. Denne karusellen er i seg sjølv belastande for helsa.

Stabil pleie

Det er altså ikkje slik at det ikkje finst god behandling i psykisk helsevern. For mange er tilbodet om kort innlegging og deretter poliklinisk behandling godt og til stor hjelp. For ein stor del av gruppa med psykiske lidingar har reformene fungert. Men altså ikkje for alle.

Og her er stemma til Rosenqvist både streng og insisterande: Dei svært sjuke pasientane kan få eit langt betre liv om dei får leva i stabil pleie på ein institusjon, med tilstrekkeleg personale. I deira tilfelle er målet best mogeleg liv, ikkje tilfriskning, som er utanfor rekkevidde.

Ho peikar på at den norske staten såg seg råd til å byggja store sjukehus for denne gruppa i ei tid med langt mindre ressursar enn i dag. Stader som Dale i Sandnes, Åsgård ved Tromsø og Gaustad i Oslo fekk tildelt store, vakre tomter, og tanken var at vakre, parkliknande omgivnader skulle hjelpa på tilfriskninga. No er mange av desse stadene selde.

Oslo vil bruka dei dyre tomtene til å finansiera det enorme fellessjukehuset, men behalda nokre av dei vakraste tomtene som psykiatrien hadde, og bruka dei til helsebyråkratane. Dei sjukaste skal derimot få plass i Sinsenkrysset, det hardast trafikkerte krysset i landet. Rosenqvist leier i dag ein nasjonal aksjon for å halda på dei psykiatriske sjukehusa, der det er mogeleg med lange opphald for dei som treng det.

Tung problematikk

Det er altså ein tung og alvorleg problematikk i denne boka. Men det er også ein sjølvbiografi, og her er tonen annleis: lett sjølvironisk og nesten munter. Denne alvorlege fagpersonen med bakgrunn frå beste Oslo vest oppdaga som ung lege at ho fekk kontakt med pasientar med svært alvorlege lidingar, og at kontakten vann over sosiale skilnader.

Ho har ei rørande historie om ein pasient som kom inn på eit sjukehus og bad om å bli lagd inn. I ein berepose hadde han 30.000 kroner. Etter digitaliseringa stolte han ikkje på bankane. Rosenqvist fylgde denne personen i mange år, ut og inn av ulike tilbod, og vart til sist ført opp som hans næraste pårørande. Det er ei vakker historie, som ho karakteristisk nok var i tvil om ho skulle fortelja. Historia blir fortald i sluttkapittelet, der ho slår fast at ho er glad for det yrkesvalet ho gjorde.

Med jamne mellomrom kjem det nye meldingar om pasientar som møter lukka dører, om svært sjuke menneske som ikkje får plass, og som stundom blir farlege for seg sjølv og andre. Kvar gong seier helsestyresmaktene at dei arbeider med nye planar og utval, og at arbeidet skal trappast opp. Det er rett og slett ikkje sant. I den grad det finst opptrapping, er det i tilbod utanfor sjukehus, og med den svake kommuneøkonomien er det ikkje sant der heller.

Hjelpa til dei aller svakaste blir heile tida bygd ned. Vil nokon ha dokumentasjon på det, kan dei lesa boka til Rosenqvist, som både er ei lærebok, ei historieforteljing, ein sjølvbiografi – men framfor alt eit glødande kampskrift.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis