«Terrenget er ein intens og fasinerande roman, klaustrofobisk i grunnstemninga.»
Vegard Sæteren debuterte som lyrikar i 2017 og har skrive tre romanar etter det.
Foto: Heide Furre
Roman
Vegard Sæteren:
Terrenget
Flamme Forlag
Vegard Sæteren er ein av fleire yngre forfattarar som har etablert seg på dei små forlaga, i dette tilfellet Flamme Forlag, eit underbruk av Cappelen Damm. Han er fødd i 1982, frå Oslo, og debuterte med diktsamlinga Håndbok for flyktninger i 2017. Seinare har han gitt ut tre romanar, den siste, Terrenget, ganske nyleg.
Eg kjente ikkje forfattarskapet før eg las og melde den førre romanen hans, Jeg vil ikke reddes (2022). Eg må innrømme at eg blei djupt imponert over den konsekvensen og det tragikomiske alvoret han nærma seg dei eksistensielle grunnvilkåra med for det livet vi er dømte til å leve.
Terrenget følgjer det same sporet, men denne gongen sentrert kring eit persongalleri av skadeskotne eksistensar som leitar etter ei meining der meining ikkje finst, og det fører dei ut i ei vandring mot eit udefinert mål som skal frelse dei på eit vis.
Ironisk skråblikk
Den diffuse agitatoren Oggy etablerer «Kolonnen», der ein kan melde seg til ein marsj mot nord, kanskje som klimaflyktningar, og Uri, Sara og Edwin blir med som skiftande forteljarstemmer under marsjen. Dei kjenner kvarandre frå før, og dei held saman til det siste, også etter at alt har gått ad undas, Oggy er død, og håpet om å overleve er det siste dei har.
Det heile er utan tid og geografi sjølv om det er referansar til storbyliv og ei slags kulisse av drabantby, utan at det er mogleg å plassere handlinga anna enn som eit indre landskap, slik Samuel Beckett stadig vende tilbake til, og tanken går mot Mens vi venter på Godot, ventinga på ein frelsar som kanskje ikkje finst anna enn som fantasi.
Vandringa mot nord går gjennom eit veglaust og ulendt terreng utan spor av menneskeleg verksemd eller sivilisasjon. I starten er flokken på rundt femti, likt kledde, likt utstyrte, stilte opp på militært vis og med Oggy fremst under slagordet «Fake it till you make it». Alt her anar ein Sæterens ironiske skråblikk, og enda tydelegare blir det når dei startar marsjen med å synge «Barn av regnbuen».
Intens og fasinerande
Dette komiske og parodiske blikket blir også retta mot forteljarstemmene Uri, Sara og Edwin, for det er ikkje måte på kva for eksistensielle meiningstap dei har opplevd før dei slutta seg til Kolonnen: einsemd, isolasjon, utanforskap komprimert som: «Vi prøver febrilsk å finne mening i det vi er født inn i. Men verden er iskald. Grusom og kynisk.»
Så endar dei i eit terreng utan kart, og det kompasset Uri hadde, slenger han frå seg. Dei er utan digitale hjelpemiddel, klokka har stansa, dagane flyt i hop, dei går tomme for mat og vatn, dei er underlagde ein totalt likesæl natur som ikkje lar seg diktere av menneske. Om dei kjem seg tilbake til sivilisasjonen, må lesaren sjølv finne ut av.
Terrenget er ein intens og fasinerande roman, klaustrofobisk i grunnstemninga, men også med ein oppløftande og makaber humor oppi alt elendet, for eksempel når Uri svelgjer ein slipt glasbit som han drit ut igjen og puttar i munnen på nytt.
Terrenget er ein annleis roman som fortener å bli løfta fram.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.