Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Tinderkliving

Eg er oppmuntra av Kathinka Steenstrups nedmuntrande roman om Tinder-røyndomen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kathinka Steenstrup er utdanna kriminolog og arbeider som konfliktrådsmeklar i straffesaker og som sinnemeistringsterapeut.

Foto: Agnete Brun

3210
20240927
3210
20240927

Roman

Kathinka Steenstrup:

Hjerteråte

Kagge Forlag

Lydia er 41 år og ikkje den mest husmoraktige kniven i skuffa. Heime flyt tinga, og sonen Nebbe bur det meste av tida hos faren Thomas, som Lydia elles er glad for å vere skild frå, då han er ein tørrpinn som har «tre yndlingstemaer: nasjonale transportplaner, langrenn og stavkirker».

I arbeidslivet som kriminolog er ho derimot dyktig og til å rekne med, der ho er spesialrådgivar innan vald og overgrep i politi- og lensmannsetaten.

Lydia har eit nært forhold til søstera Ivar (det er berre å godta namnet, forklaringa står i boka), ikkje like nært til faren deira, som har for vane å seie dei galne tinga uansett kvar han er. Men alle rundt ho ser ut til å ha behov for at Lydia snart finn seg ein ny mann, slik at ho kjem ut av «einsemda», som ho sjølv irritert hevdar at ho ikkje kjenner på. Det kan bli for mykje omsorg, for mykje innblanding.

«Kathinka Steenstrup har skrive ein livleg, morosam og syrleg roman.»

Slaktarforretninga

Likevel kjem ho seg ut på Tinder, og der skjer dei pussigaste ting. Ho blir kjent med rufsete menn, angstfylte menn, menn med ljomande problem, menn som møter henne med penisen i staden for med ord, ho støyter på dei udugelege, dei sjarmerande – og ho møter menn som først ser ut i måneskin, men som sidan går opp i liminga.

Kontrasten, eller skal ein seie samanfallet, ligg mellom hennar eigen jobb, der ho granskar dei drygaste overgriparane og valdsutøvarane, og hennar eige liv, der ho langt på veg søker dei «utrygge». Ikkje at ho oppsøker vald, sjølvsagt, men ho likar at mannfolk ikkje er heilt A4. Ho ser ikkje ut til å mangle dømekraft, men ho er ikkje utstyrt med for mykje av det heller.

 Saka er uansett at dei ein møter på Tinder, og dei ein møter på bar, eller på kino eller i Dyreparken i Kristiansand, liknar kvarandre på det viset at det er umogleg å vite korleis folk er, i byrjinga.

Umerkeleg snik nye personlegdomstrekk seg inn i kandidatane ho innleier lengre forhold med. «Var det bare avskjær til overs? Det virket sånn. Singellivet var som en slakterforretning der alle drømte om filet og carré, men der det stort sett var sistesorteringa igjen.»

Engasjerande

Kathinka Steenstrup har med Hjerteråte – eit fråstøytande, men treffande ord – skrive ein livleg, morosam og syrleg roman om kor lang tid det eigentleg tar å bli kjent med folk. Og med seg sjølv.

Det er til å le og grine av, og til å bli oppriktig engasjert i. Ikkje minst på grunn av Steenstrups evne til å skildre og karikere personar: «Takket være mammas hang til plantekost og generell forsakelse, kunne Ivar og jeg være med og bære kisten med kroppen hennes ut av kirken.» «Av farfar hadde jeg få minner, men jeg husket ham som en rasende femtitallsmann som heiste flagget hver fjerde juli.» Eller om ein av mennene Lydia møter: «Han gliste, virket overstimulert, irriterende selvgod på magert grunnlag.»

I denne boka er det berre å gi seg over til språkflyten, til skildringane, temperaturen – og til innhaldet, som i sitt vesen er djupt menneskeleg.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis