Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Sakprosa
Anne Kalvig:
Kjønnstru. Kampen om røynda
Medvit forlag
Anne Kalvig har skrive ei lang og ganske indignert bok om den – slik ho ser det: fullstendig feilaktige og farlege – «subjektive forståinga av kjønn» ho meiner grip om seg, i språket vårt, i lovgivinga, innanfor medisinen, i akademia og i media.
Eg trur Kalvig vil kunne få meir vrangvillige lesarar enn meg. Religionsvitaren Kalvig har skrive akademiske tekstar som eg har lese med interesse. Eg har, som ho, argumentert mot teoriar som avviser at kjønn også dreier seg om biologi, eller som avviser, meir generelt, at det kan finnast ting «i røynda» (som ikkje berre er konstruerte av oss idet vi tenkjer, snakkar eller skriv om dei). Eg er, som ho, oppteken av urettvise knytt til kjønn og av å gjere likestillingspolitikken betre.
Eg stør rett nok at lova må omfatte fleire diskrimineringsgrunnlag enn kjønn, frå alder og religion til kjønnsidentitet – det siste vil Kalvig ha fjerna – men er samd med ho i at dette gjer diskrimineringsavvegingar meir komplekse enn mange hadde tenkt seg. Og ein skal sjølvsagt ikkje gløyme kjønnsperspektivet blant andre nye og gamle perspektiv. Eg er kritisk til ukritisk bruk av analysar og råd frå internasjonale organisasjonar og nasjonale aktørar med uklår kompetanse – det gjeld ålment, inkludert når temaet er kjønn og likestilling. Eg meiner òg at Kalvig er med og reiser nokre viktige debattar, til dømes om bruk av såkalla kjønnsbekreftande behandling av barn.
«Kalvig kritiserer ein skrekkeleg debattstil i delar av transrørsla, men ho kan vere temmeleg hard i klypa sjølv.»
Kva er problemet?
I det store og heile når ho likevel ikkje fram til meg i denne boka. Ei hindring her er sikkert at eg ikkje heilt forstår kva som er problemet med at menneske som ikkje kjenner seg som det kjønnet dei er fødde med, får leve det livet dei meiner er best for seg sjølv, så lenge dette ikkje går urimeleg ut over andre.
Kalvig fortel om korleis det å vise respekt for kjønnsidentitet kan skape vanskar, til dømes når transkvinner får tilgang i kvinnegarderoben, kvinnefengsel og kvinneidrett. Men andre omsyn – ta til dømes religionsfridom – kan vel òg kome i konflikt med omsynet til kjønnslikestilling, til dømes når ei kvinne ikkje kan bli prest eller imam fordi ho er kvinne. I slike tilfelle finn vi gjerne løysingar innanfor lova og i praksis som freistar å ta rimeleg omsyn til både religion og rettane til kvinner.
Ein kan sjølvsagt meine at desse løysingane er dårlege, eller til og med uakseptable, og freiste å endre anten lova eller praksisen, men ein høyrer sjeldan at feministar eller andre rett og slett vil fjerne religion som diskrimineringsgrunnlag.
Offentlege ressursar
Ein annan naturlegvis heilt legitim diskusjon er kor mykje offentlege ressursar som skal nyttast på å stø til dømes religiøse samfunn og teologiske utdanningar, eller organisasjonar som fremjar særskilde livsstilar og identitetar knytte til kjønn og seksualitet, eller anna. Ein kan seie at alt slikt er ei privatsak, og ikkje noko staten skal bry seg med – eller ein kan seie, som ein gjerne har gjort i Noreg, at staten også har ansvar for å fremje eit rikt sivilsamfunn og organisasjonsliv, av omsyn til demokrati og fridom og livskvalitet for kvar einskild.
Seier ein det siste, verkar det vilkårleg å utelukke det breie feltet av kjønns- og seksualitetspolitiske organisasjonar som har vakse fram dei siste åra.
Ei anna sak er kva rolle desse organisasjonane skal spele, til dømes i det offentlege skuleverket. Dette dreier seg òg om tilhøvet mellom sosiale rørsler og interessegrupper på den eine sida og staten på den andre. Radikalfeministar som Kalvig har gjerne meint at til dømes den feministiske krisesenterrørsla må vere med på å leggje premissa for offentlege tenester for valdsutsette kvinner. Kan hende vil då andre kunne meine at det er greitt med eit visst samrøre mellom staten og transrørsla?
Transpersonar
Eit sentralt argument frå Kalvig i boka er at vi ikkje kan gi etter for krav frå transpersonar fordi dette er personar som nektar å akseptere naturvitskaplege fakta om kva kjønn dei har, og kven dei er. Eg er sjølv ingen ekspert på biologisk og medisinsk forsking om kjønn og kjønnsidentitet (og det trur eg ikkje Kalvig er heller), men stussar på kva slags prinsipp det er Kalvig ynskjer å introdusere i offentleg politikk og regulering. Ta til dømes diskusjonen om diskriminering på bakgrunn av etnisitet. Skal vi også her leggje inn eit krav om naturvitskapleg belegg for opphavet til den etniske gruppa folk meiner å høyre til?
Debattstil
Kalvig kritiserer med rette ein skrekkeleg debattstil i delar av transrørsla, men ho kan vere temmeleg hard i klypa sjølv. I boka blir dei som forsvarer rettar for transpersonar – og dei er ganske mange – framstilte dels som idiotar, dels som moralsk forkvakla. Her er også ein viss intellektuell opportunisme. Til dømes blir Martha Nussbaum med eitt heltinne fordi ho kritiserer Judith Butler, men Nussbaum er liberalfeminist og tilhengjar av rettar for transpersonar og mykje anna som Kalvig er imot.
Det hadde vore eit problem om ein ikkje lenger fekk lov til å referere til biologi og kjønn i politikk og vitskap, og om ei sosial rørsle i tida fikk ture fram utan spørsmål. Kalvig meiner det er der vi er, men ser ein til dømes på offentlege utval, står det stadig mykje om biologi og kjønn. Ho nemner sjølv Kvinnehelseutvalet. Eit nyare døme er rapporten frå Mannsutvalet. Når det gjeld kjønnsbekreftande behandling, la Helsedirektoratet seg nyleg på ei meir restriktiv linje, og Esben Esther Pirelli Benestad har mista autorisasjonen.
Cathrine Holst
Cathrine Holst er professor i vitskapsteori og demokrati.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida