Bok
Underhaldande og tullete
Erlend Loe har som alltid eit skrått blikk på si eiga samtid.
Erlend Loe er forfattar, kritikar, omsetjar, gjendiktar og film- og serieskapar.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss / Cappelen Damm
Erlend Loe debuterte som forfattar med romanen Tatt av kvinnen tilbake i 1993. Det er 30 år sidan, og årets bok markerer sånn sett eit jubileum. Han er svært produktiv, i alt har han signert 45 titlar, filmmanus og omsetjingar irekna. Det store gjennombrotet var Naiv. Super (1996), der han stod fram med den naivistiske skrivestilen som seinare har blitt Erlend Loes varemerke.
Drømmenes sykkelregister handlar om 27 år gamle Solveig, som heller vil heite Sara eller Sara-na-Mara eller Fleur, før ho landar på Flexie-Belle utan etternamn, og om desse namneskifta er ho i stadig korrespondanse med Skatteetaten og Folkeregisteret, samtidig som ho også stadig skriv og ringjer til forsikringsselskapet sitt om syklar som blir stolne i draume.
Målretta kvinne
Ingen kan hjelpe henne med dette, og til slutt tar ho saka i eigne hender og opprettar Drømmenes sykkelregister, der alle som får syklar stolne mens dei søv, kan registrere seg for ein rimeleg penge. Denne gründerideen blir fort verdsomspennande og gir eventyrlege inntekter. Frå å vere ei overflatisk, retningslaus og svermerisk ungjente utan særleg dømmekraft forvandlar ho seg til ei effektiv og målretta forretningskvinne som tener store pengar på ingenting.
Det heile er underlagt ein absurd logikk og draumens koreografi, tid og rom blir flytande, all kronologi blir relativ, og inn og ut av fantasifulle draumar møter ein både Einar Tambarskjelve, babylonarar og hettittar, som alle stel syklar og er til plage og plunder. I tillegg har Solveig eller kva ho heiter, ein tendens til å hamne i seng med både sykkeltjuvar og andre. Ho skriv ein liggeblogg der ho rangerer partnarar frå éin til elleve. Einar Tambarskjelve får ni, men han er ein slask.
Elegant tull og tøys
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.