JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Utan eit eige rom

Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.

Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag

3949
20240510
3949
20240510

Roman

Elin Eika Bringa:

Snart er eg natt

Bonnier

Ettersom vi stadig blir eldre her i landet, er det ikkje lenger sjeldan ein ser bilete og oppslag av menneske som fyller hundre år. Dei fleste av desse «heldige» er kvinner. Men er livet etter dei nittifem eigentleg noko å trakte etter? Det kjem sjølvsagt heilt an på korleis ein har det, og korleis ein tar det.

Myten om at dei som blir så gamle, er spesielt lykkelege menneske, gjer i alle fall Elin Eika Bringa sitt beste for å avlive. I Snart er eg natt, som er den første romanen hennar, får vi innsikt i livsverda til ei kvinne dei siste par vekene før den store dagen skal markerast.

Gonhild er klår i hovudet, men synest livet er lite å rope hurra for. Lengten hennar går slett ikkje mot fleire dagar, men mot den siste og endelege natta. «Døden tar meg riktig nok att, men det går langsamt. I motsetning til dei andre her et han meg nedanfrå og opp, dryger det ut, som om han skjer små bitar med kniv og gaffel.»

«Eit stykke ut i lesinga tar eg til å sakne meir som kan gi eit løft i alt det dystre.»

Boka er full av slike treffande formuleringar som gjer lesaropplevinga sterk og sugande, sjølv om soga er noko av det mest tragiske eg har lese på lenge. Her er også mykje svart humor, som i scena der Gonhild spør ein besøkande på sjukeheimen om korleis vedkomande stiller seg til aktiv dødshjelp, får ein usikker latter til svar – og straks føyer til at det slett ikkje er teoretisk meint.

Berre i bøkene

Tidsplana vekslar mellom notida på sjukeheimen og tilbakeblikk på det lange livet. Gonhild har budd heile livet i Bø, ho har knapt vore utanfor kommunegrensa. Rotfesta i bygda har ho likevel mangla eit sterkare feste inne i seg sjølv.

Som så mange kvinner både før og etter henne, kom Gonhild i «ulykka» som ung. Livsvegen vart staka ut utan at ho sjølv fekk ta eigne val, med ein mann ho ikkje elska, på ein gard som ikkje interesserte henne. Dei fleste dagane vart grå. I litteraturen fann ho trøyst og meining, både gjennom bøker ho las og tekstar ho sjølv skreiv. Ho fekk utgitt ei diktbok, ein triumf då det hende, men det forandra likevel ikkje livet.

Denne kvinna har levd med stor distanse til dei rundt seg, samstundes som ho har mangla det eigne rommet der ho kunne ha fått bruke og utvikle evnene sine. No, på sjukeheimen, har ho sitt eige rom i fysisk forstand, men rår ikkje lenger over eige liv eller eigen kropp.

Med mannen fekk ho dottera Helga. Tilhøvet mellom mor og dotter er det største smertepunktet i boka. Gonhilds manglande livslykke hindrar henne i å skape ein god relasjon. Ho er ikkje direkte slem, men avvisande og distansert. Jentungen søkjer naturleg nok til far sin. Gonhild blir einsam i sin eigen familie. Vi får nokre glimt attende til hennar eigen barndom i ein familie med lite varme, noko som gir litt av svaret på Gonhilds manglande morsevner.

Pakke ned hårrullane

Helga kjem ikkje til hundreårsdagen. Men på sjukeheimen dukkar det opp ei anna yngre kvinne, journalisten som skal lage reportasje om den store dagen. Til å byrje med er Gonhild tverr og uvillig, men ho tør etter kvart opp. Samtalene bringar glimt av lys inn i mørkeret den gamle lever i. Det trengst, eit stykke ut i lesinga tar eg til å sakne meir som kan gi eit løft i alt det dystre. Sjukeheimslivet er skildra like trist som dei fleste av oss vel har inntrykk av at det er. Dei fleste her lengtar etter «å pakke hårrullane ned for godt».

Det er i alle fall ein særs vellykka roman den relativt unge Elin Eika Bringa har skrive. Med få unnatak er språket botnsolid, og forfattaren viser ei imponerande innleving i livet til eit veldig mykje eldre menneske. Spørsmåla ho reiser, gjeld oss alle, før eller seinare, på den eine eller andre måten. Kven er vi når vi ikkje lenger hugsar oss sjølve?

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis