JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Valuta for pengane

Dei norske pengesetlane er i ferd med å gå ut på dato. No ligg kulturhistoria om setlane føre; boka Den norske pengeseddelen er ein mektig svanesong.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kong Oskar II er den einaste monarken som har vore portrettert på norske pengesetlar – som fram til 1907 vart prenta i Trondhjem, det fyrste hovudsetet til Noregs Bank. Ved ein inkurie (?) flytta Stortinget banken til hovudstaden frå og med 1897.

Foto frå boka

7584
20241011
7584
20241011

Sakprosa

Geir Totland:

Den norske penge­seddelen. En kulturhistorie

Solum Bokvennen

Offisielle jubileumsbøker om til dømes Stortinget, Noregs Bank og andre institusjonelle hjørnesteinar i Noreg er gjerne tjukke, tunge og ikkje minst finansierte av anten skattebetalarane eller nett sentralbanken. I regelen er bøkene rikt illustrerte. Og dei vert nytta til å markera at den aktuelle institusjonen fyller 100 eller 200 år – eller liknande.

Storverket (på nesten 900 sider og med hundrevis av illustrasjonar òg) til Geir Totland om soga til den norske pengesetelen liknar på dei nemnde standardverka. Men det er annleis lell. Boka hans kjem så å seia frå det store inkje. Ho markerer ikkje noko jubileum. Og forfattaren har synbert skrive på eige initiativ og nær sagt for eiga rekning (om enn med økonomisk støtte frå – som alltid her til lands – Fritt Ord, Kulturrådet og Det faglitterære fond). Fyrst og fremst grensar denne kulturhistoria til enden på visa: ei oppsummering, eit punktum. For i kvardagen glimrar både setel og mynt med sitt fråvær; Noreg er saman med Sverige mellom dei mest kontantfrie samfunna i verda.

Kredittsetlar

Totland lærer at soga om den offisielle norske pengesetelen byrjar i dansketida, i 1807, med setlar utferda av den såkalla regjeringskommisjonen den gong då. Men det er ikkje heile sanninga. Forteljinga om betalingsmiddel av og på papir skriv seg attende til 1600-talet, til ulike kredittsetlar som sirkulerte i gruvesamfunna i Kongsberg, på Røros og truleg andre stader òg. Med andre ord: Utvinning av metall til (mellom anna) myntar gav opphav til papirpengar.

Lenge, eigentleg heilt fram til etter andre verdskrigen, var sambandet mellom pengesetlar og (edelt) metall sjølvsagt for folk flest. Noregs Bank vart skipa som setelbank i 1816, og utferda fram til 1875 pengesetlar som skulle kunne vekslast inn mot tilsvarande verdi i sylv. Dinest – som fylgje av at Noreg slutta seg til den skandinaviske myntunionen – stod pengestellet vårt støtt i mange tiår på ein gullmyntfot.

Dei norske pengesetlane hadde dinest, like til dei nye setlane som vart utferda frå og med 1948 (setelutgåve IV), innskrifter av typen «FEM KRONER GULD». Setlane var på sett og vis både avleidde av gull og tala på papiret gull verde. Etter fyrste verdskrigen var desse innskriftene stort sett berre fagre ord og lovnader. Og no for lengst «en saga blott», sjølvsagt: Papirpengane lever sitt eige liv som sjølvstendig pengemedium.

Det mest tankevekkjande i boka er det Totland skriv om sambandet mellom pengesetlar, skriftkultur og tidvis ytringsfridom med. Utgangspunktet er prenteverk og ei stadig viktigare rolle for papir i samfunnet. Trykking og utbreiing av aviser, bøker og alskens verdipapir går hand i hand. Totland hevdar jamvel at forsvar for pengesetlar vart «en form for støtte til trykkeriet som institusjon, og til det rettssamfunnet trykkekulturen la grunnlaget for».

Matthias Conrad Peterson (1761–1833) gav alt dette eit andlet. Han er blant dei ukjende direktørane i Noregs Banks historie, og kanskje mest kjend for å ha vore redaktør av Throndhjemske Tidende (Adresseavisen, Noregs eldste avis). Totland skriv at namnetrekket til Peterson stod skrive på dei to pengesetlane med høgaste valørar, og at presse- og bankmannen vart sett under tiltale for andre ytringar med fare for både å mista stillinga i Noregs Bank og å verta landsforvist. Til sist vart Peterson derimot frikjend i Høgsterett, og prentefridomen såleis både stadfest og styrkt.

Ytringar

«Koplinga» mellom pengesetlar og (grenser for) ytringsfridom var klårast under andre verdskrigen. Den norske pengeseddelen. En kulturhistorie inneheld fargerike døme på setlar der mannen i gata har skrive kva han meiner om både Quisling, kongen og den rettmessige regjeringa i landet. Minst like talande er innskrifter på somme av «naudsetlane» som vart utferda kringom i riket i tida etter den tyske invasjonen.

Dei såkalla Steffens-setlane på Voss (namngjevne etter general William Steffens, sjef for 4. divisjon) var forresten dei fyrste setlane med nynorsk tekst i Noreg. Stord herad i same fylke prenta òg setlar i 1940. Baksida av dei setlane viste eit fotografi av Leirvik, framsida inneheldt både serienummer, underskrifter – og lovnaden om at «Stord herad gjev trygd for [til dømes] ti kroner». Tilliten til desse pengane var såleis tufta på tiltru til kommunen.

Om lag slik er det alltid alle stader. Pengesetlar er verde meir enn papiret dei er prenta på så lenge du, eg, vi oppfører oss som om så er tilfellet. Utan tillit er pengar verdilause, og kjeldene til tillit skifter med tida og tilhøva. Frå edelt metall via tillit til utferdar til – no for tida – tillit til at dei teknologiske løysingane til særleg bankar og andre finansinstitusjonar fungerer. Parallelt med denne utviklinga har pengane gått frå å vera materielle, fysiske, handfaste til «berre» nummer, siffer, tal på digitale skjermar.

Monetær kulturhistorie

Den monetære kulturhistoria til Totland kan også lesast som eit minneskrift – til minne om det som går tapt når fyrst myntane, så setlane forsvinn som dogg for sola. Det er til sjuande og sist ei form for statleg historieskriving og offisiell norsk verdiformidling som forsvinn når pengesetlar med (fyrst og fremst) bilete av framståande nordmenn ikkje lenger sirkulerer i samfunnet.

Når det er sagt: Etter å ha sett nærmare på faksimilar av alle norske setlar i boka til Totland, slår det meg kor utdaterte dei aller fleste av dei verkar i skrivande stund. Eitt mogleg unnatak er pengesetlane som aldri vart, nemleg setelskissene til kunstnaren Frøydis Haavardsholm frå den opne konkurransen om nye setlar rundt 1930. Det grafiske leiemotivet hennar var arbeid, og designet hennar var eksperimentelt og kraftfullt. Dinest gjekk det over åtti år før Noregs Bank atter bad om innspel til design av nye setlar. Resultatet er den gjeldande setelserien – med kysten, havet som flytande raud tråd.

Totland skriv spekulativt og spekulerande at dei siste setlane kanskje vert siste kapittel i soga om norske setlar. Han bruker ein del tid på dei i boka si, og syner at dei har vekt åtgaum på tvers av landegrenser med. Og ja, dei er verkeleg eineståande, nyskapande; for alt eg veit, markerer dei ein lukkeleg monetær slutt. På sett og vis er det eit trist paradoks at dei vakraste norske pengesetlane truleg er dei som vert/vart minst brukte.

Pengesetlane som aldri vart: Frøydis Haavardsholm laga i mellomkrigstida utkast til setlar med ærleg arbeid som grunnmotiv. Som kjent er pengar alltid «krystallisered menneskelig Sved», for å seia det med Vinje.

Kreditt

Men tidene skifter, pengane like eins. Det viktigaste «pengemessige» tidsskiljet er omfanget av kreditt i moderne økonomiar. Kreditt er også pengar, men i regelen produsert av andre bankar enn sentralbanken. Desse pengane, denne kjøpekrafta viser alltid til arbeid, inntekter i framtida – medan pengar før i større grad viste til fortida og utført arbeid. Med andre ord: «Tidsdimensjonen» til pengemengda skifter parallelt med at pengar går frå å vera laga av metall og papir til å verta digitale tal som meir og meir speglar lånte pengar. Totland er innom alt dette, ikkje minst gjennom tankevekkjande referansar til den newzealandske historikaren J.G.A. Pocock.

Kulturhistoria om den norske pengesetelen er i det heile breiddfull med slike «stalltips» pluss harde fakta og mjuke vurderingar. Det er tale om eit imponerande stykke arbeid – om grunnleggjande norsk historie, som for ein gongs skuld kjem til sin rett.

Morten Søberg

Morten Søberg er er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis