Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

4164
20241122
4164
20241122

Roman

Ingrid Storholmen:

Bloddråpetall

Serie: HUNT 1
Aschehoug

HUNT – Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (no berre Trøndelag), ei av verdas største helseundersøkingar, tok til i 1984. Ein ville undersøke samspelet mellom genetisk disposisjon, livsstil og miljø i ei heil befolkning i eit geografisk avgrensa område gjennom fleire tiår og fleire generasjonar. 250.000 menneske har deltatt, og målet er å drive kunnskapsbaserte helseførebyggande tiltak. Dette svære datamaterialet har Storholmen gjort til utgangspunktet for eit større skriveprosjekt. Det skal kome fleire bøker.

Personane i Bloddråpetall er oppdikta, men kan representere eit tverrsnitt av ei lita bygd i Trøndelag. Storholmen har også tidlegare skrive fiksjonsprosa basert på faktiske hendingar, i dei svært vellukka Tsjernobylfortellinger og Her lå Tirpitz. Tittelen mimar eit langdikt av ein annan trønder, «Bloddrope-trall» av Kristofer Uppdal, som handlar om den korte lykka i eit mannaliv. Uppdal er elles kjend for å skildre menneske med beinharde arbeids- og livskår. Storholmens bok har òg tendens: Klasse og sosioøkonomisk utgangspunkt er teljande for helsa. Likevel – flaks og uflaks tel like mykje, og det aller viktigaste er å ha gode nære relasjonar.

«Storholmens bok har òg tendens: Klasse og sosioøkonomisk utgangspunkt er teljande for helsa.»

Bygdetraume

Vi møter eit knippe personar i ei lita bygd i Trøndelag. Til saman blir dei eit kor av stemmer, alle med kvar sin «verdsflik», menneske som anten sjølve blir råka av sjukdom, er pårørande eller båe delar. I ei lita bygd er alle liv knytte saman gjennom slektsband eller naboskap. Når sjukdom rammar, skjer det forskyvingar i relasjonane. Det kan vere like mykje på godt som på vondt. Sjølv om ein er så heldig å overleve kreft, blir livet aldri det same, ikkje for ein sjølv og ikkje for dei rundt. 

Ingrid Storholmen er frå Verdal. Der gjekk det eit stort ras, visstnok det største i historisk tid i Noreg, i 1893. Personane i boka hennar ber på eit bygdetraume frå ei liknande hending. Forfattaren illustrerer korleis menneska på ein slik plass lever med skrekken frå hendinga nesten som noko genetisk. Kan eit nedarva traume påverke helsa?

Pensjonisten Einar står i sentrum i bygda og for hendingane i boka, med slekt og venskapsband til dei fleste. Symbolsk nok har han vore postbod, bodbringaren som har kome både med varsel om sjukdom og andre katastrofar, men òg med gledelege friskmeldingar. No mistar han sjølv ein son – han døyr av kreft. Av dei andre som trer tydeleg fram, er to kvinner med kreftdiagnose, ein overlever, den andre døyr. Etter dødsfallet ser vi korleis hendinga verkar inn på dei som lever att, særleg ein gutunge kjem vi tett på. Livet hans kjem for alltid til å bli prega av at han er blitt morlaus.

Den einaste i boka som blir omtala med etternamn, er fastlegen i bygda. Det seier noko om avstand til pasientane. Hos alternative behandlarar kjenner mange seg meir sett.

Demens og potens

«HUNT, det er hudkontakt», reflekterer Knut, grisebonden i boka, som har kols. Enkemannen har éin nær pårørande, og ho lever langt unna. Einsemd har store helsemessige omkostingar. Knut er dessutan bitter over den dårlege handsaminga av bondestanden frå styresmaktene: «Tramp på meg, jeg er bare en hvit bonde.»

Den siste bolken har fokus på livet på sjukeheimen, siste stopp før døden. Menneska som bur her, er prega av å vere både bitre og takksame – og av drifter på avvegar. Gamalt agg mellom naboar blomstrar opp på ny. Kanskje blir trekk i personlegdomane forsterka når ein står ved enden av livet og hjernen ikkje fungerer som før.

Både på sjukeheimen og tidlegare i boka følgjer Storholmen fleire av karakterane heilt inn i døden, forsøkt illustrert ved at språket, syntaksen, går i oppløysing. Sjølvsagt er dette eit punkt i tida som er krevjande å fange verbalt, men akkurat dette grepet gjer ikkje så stort inntrykk som mykje anna i Bloddråpetall – ei bok som både er gripande og informativ, poetisk og realistisk.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal

Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Uviss lagnad for Syria

Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Leiken kjærleik

Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Populisme er ikkje noko å vere redd for

Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis