Litteratur

Bøkene i kjellarane

AVISBØKER. Redaksjonssekretær Olav Hougen og redaktør Olav Gullvåg i Skien-avisa Norig i 1919. Trykkjaren plukka arka frå Gullvåg etter kvart som dei var fullskrivne, sa Hougen.
AVISBØKER. Redaksjonssekretær Olav Hougen og redaktør Olav Gullvåg i Skien-avisa Norig i 1919. Trykkjaren plukka arka frå Gullvåg etter kvart som dei var fullskrivne, sa Hougen.
Publisert

Mellom 1884 og 1940 fekk avislesarane minst 300 utklippsbøker på nynorsk. Både verdslitteratur og norsk kulturhistorie kunne brettast og lagast til eigne bøker.

Johan Visionary var heldig med romanen Kaptein Skugge i 1911. Undertittelen var «Fantastisk forteljing um krigen millom Russland og Norig i 1950». Det heile tok til i Trondheim, som forfattaren visjonært kalla byen lenge før namnestriden kring 1930.

Strid om fiskerettar i nord gjorde at Russland kravde å ha så mange krigsskip som dei ville i Narvik. Frykta var ein invasjon av det som i romanen heitte skjeggete kosakkar. Håpet låg i den mystiske hjelparen kaptein Skugge og i soldatar med elektriske våpen.

Sunnfjordingen Albert Joleik hadde plukka opp Trondheims-fødde Gullvåg til den nye avisa Spegjelen i Trondheim våren 1911. Avisa trong tingarar, men det gjekk sakte. Gullvåg kom til å tenkje på kor stor glede mora Oline hadde hatt av utklippsbøker i si tid. Spegjelen skulle hatt «ein sprakande spanande roman!». Ja, men det kostar peng, sukka redaktøren.

Gullvåg laga pseudonymet Johan Visionary og sette seg til å dikte. Så populær blei krigsromanen at avisa fekk mange fleire tingarar og lesarar. «Joleik dansa og gnika seg i hendene», fortalde Gullvåg, som uventa fekk 250 kroner i honorar frå redaktøren.

Særleg mellom 1850 og 1950 publiserte avisene endelause mengder av føljetongar og utklippsbøker. Desse stod gjerne nedst på sidene, i kjellaren, som pressefolk sa. Boksidene var sette opp slik at lesarane kunne klippe dei ut og lage bøker av dei. Nokre gav avisene også ut som vanlege bøker med same avissatsen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement