Bok
Botnsolid
Nokre gongar gir ein bokmeldar seg ende over.
Oliver Lovrenski har kroatisk bakgrunn og er oppvaksen i Oslo.
Foto: Jarli & Jordan
Det er langt mellom debutromanar som Oliver Lovrenskis Da vi var yngre. Med sitt særeigne språk og sitt sterke univers leverer han ein roman som rett ut sagt er fortreffeleg. Takk for utvidinga av ordforrådet!
Normal norsk ordstilling, grammatikk og vokabular må vike plassen for eit anna norsk, som er blitt til i kryssinga mellom ulike kulturar og miljø. Vi har sett denne såkalla «kebabnorsken» før, mellom anna i Maria Navarro Skarangers Alle utlendinger har lukka gardiner (2015) Amina Sewalis barneroman Hør’a dagbok (2020) og Gulraz Sharifs Hør her’a! (2020). Men Lovrenski har sin eigen melodi, og si eiga tyngd.
For nokre av oss krev det litt tuning å komme inn i språket: «i dag jeg skjønte hvorfor mennesker kriger over dummeste tinga, alt starta da vi ble sultne, sa° aight, vi drar og fanger no munch, men hva liksom?» Men raskt kjem ein inn i det, ein lyttar og strekker seg mot språkuniverset, trekker slutningar frå konteksten og kjem ut igjen på andre sida og har lært kva ord som avor, kæbe, flæ, dæbse, aight, flus, leilo og instu tyder. Det er i sanning ei utviding av eige ordforråd, for oss som til dagleg står på ei blåkvallengdes avstand frå dette vokabularet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.