Brev frå eit løvetannbarn

Det er ikkje vanskeleg å forstå at denne vesle boka har vekt åtgaum.

Emma Reyes døydde i 2003.
Emma Reyes døydde i 2003.
Publisert

Dei få som har høyrt om Emma Reyes (1919–2003), kjenner henne som ein colombiansk målar som budde i Paris i størsteparten av sitt vaksne liv. Her og i Italia trefte ho store kunstnarar som Sartre, Pasolini, Moravia og Morante, og ho er særleg hugsa som mama grande for latinamerikanske kunstnarar og forfattarar i Frankrike, og som ein fantastisk historieforteljar. Denne evna vert spegla i desse 23 fargerike, impresjonistiske sjølvbiografiske breva om den brutale og kjærleikslause barndomen hennar frå ho var om lag fire år gamal til ho som 19-åring rømde frå klosteret der ho hadde vore innesperra frå femårsalderen.

I 1969, 50 år gamal, byrja Emma Reyes skrive om dette livet i korte epistlar til ein ven, den colombianske historikaren og forfattaren Germán Arciniegas (1900–1999), som ho trefte i Paris etter at ho kom dit i 1947 med eit kunstnarstipend. Arciniegas var svært oppglødd og samanlikna skrivestilen hennar med stilen til sjølvaste Gabriel García Márquez (1927–2014). Dei fleste breva er skrivne fram til 1972, medan dei siste er 25 år yngre, utan skilnad i intensitet. Etter hennar eige ønske blei dei først utgjevne etter at ho var avliden. Då dei kom ut på spansk i 2012, vart boka straks hylla som ein ny colombiansk klassikar. Ho er omsett til mellom anna engelsk og fransk, og no også til svensk og norsk.

Arbeid og gudsfrykt

Det er ikkje vanskeleg å forstå at denne vesle boka vekte åtgaum. Den usentimentale, detaljerte skildringa av det elendige livet til vesle Emma og storesystera Helena i 1920- og 30-åra gjer sterkt inntrykk. Historia deira byrjar i eit kjellarrom utan vindauge, varme, vatn og ljos i eit slumkvarter i Bogotá. Der bur dei saman med ei streng og hard kvinne, frøken Maria, som både sveltar dei og slår dei, så Emma må gøyme seg i bakaromnen. Når frøken Maria ikkje er heime, blir dei låste inne i kjellarrommet; elles leikar dei på søppeldungen saman med andre slumbarn. Ei tid går det betre, då bur dei i ein liten landsby der frøken Maria styrer ein sjokoladebutikk. Men ho tykkjer barna er ein klamp om foten, og ein dag reiser ho frå dei. Det vert aldri nemnt, men ho er truleg mor deira. Systrene lover kvarandre at dei aldri skal snakke om frøken Maria: Livet deira byrja i klosteret.

Klosterlivet får størst plass i breva; her tar Emma Reyes i blant òg perspektivet til ein vaksen person. Foreldrelause eller overgjevne jenter kunne få mat, klede og tak over hovudet mot å arbeide med prydsaum, klesvask eller reingjering ti­–tolv timar i døgeret i det som nærmast var ein arbeidsleir, administrert av nonnene ved klosteret. Barna fekk lite mat, disiplinen var hard og straffene mange, og religionsopplæringa gjekk mest ut på å lære barna age for djevelen og angst for å synde. Berre dei som ville ofre fridagane sine, kunne lære å lese og skrive. Emma Reyes lærte det først etter at ho kom seg ut av klosteret.

Ufullstendig biografi

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement