Film

Brubyggjande filmnasjon

Filmar frå Sør-Korea dominerer årets Film frå sør – med god grunn.

Regissør Bong Joon-ho fekk Gullpalmen for filmen Parasitt, som tek for seg klasseskilje og misunning i Sør-Korea.
Regissør Bong Joon-ho fekk Gullpalmen for filmen Parasitt, som tek for seg klasseskilje og misunning i Sør-Korea.Regissør Bong Joon-ho fekk Gullpalmen for filmen Parasitt, som tek for seg klasseskilje og misunning i Sør-Korea.
Publisert

Er Sør-Korea verdas beste filmnasjon? Den siste veka med Film frå sør har fått meg til å tenke det. Oslos største og eldste filmfestival, dette er den 29. utgåva, er som alltid ei fin motvekt mot det ordinære kinoprogrammet. Oppflaska som vi alle er på amerikansk popcornkultur, og med den stadig meir actionfokuserte og bråkete blockbusteren (hei, Marvel), blir Film frå sør eit kjærkome pusterom. Det er i dette spennet festivalen utfordrar innarbeidde, vande måtar å sjå film på og innbyr til kritisk refleksjon rundt den rådande kommersielle kinokulturen.

Samtidig er kurateringa av programmet også skreddarsydd for vestlege briller. Det vi ser, er ikkje så mykje filmnasjonar som eit utval filmar frå den ikkje-vestlege verda, med den litt vage (og kan hende stigmatiserande) merkelappen «verdsfilm». Som om desse filmane er noko heilt anna enn det vi vanlegvis ser på kino. Så enkelt er det heldigvis ikkje.

Den gamle meisteren

Filmnasjonen Sør-Korea er verd å snakke om i så måte. Den store filmbransjen i landet feirar i år 100 år, noko Film frå sør markerer med å vise eit sterkt utval sørkoreanske filmar, nye som gamle. Årets æresgjest er Park Chan-wook, mest kjend for hemntrilogien Sympathy for Mr. Vengeance, Oldboy og Lady Vengeance. Han har fått eit nært fullt retrospektiv desse dagane, og Park er verd å dvele ved, sjølv om han ikkje har ein ny film på programmet.

Det var nemleg han som innleidde det vi kan kalle den sørkoreanske filmbølgja tidleg på 2000-talet. Like viktig er filmspråket til Park, som har noko distinkt kulturelt ved seg: Karakterane har andre førestillingar om skuld, moral og determinisme enn det vi er vane til, men med ein stil og regi som er lett å overføre til Hollywood (Oldboy fekk ein amerikansk versjon).

Nye, sterke stemmer

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement