Bok
Dante i ny gjendikting
Mellomalderdiktet ragar høgt mellom meisterverka i verdslitteraturen.
Nils Kjær skreiv ein gong at «Dantelitteraturen kan lignes med et hav hvor ingen har seet bunden og hvis udstrækning ingen har maalt». Og det finst verkeleg eit heilt osean av sekundærlitteratur om Dante, men talet på norske gjendiktingar av Divina commedia er ikkje stort.
I nyare tid finst Kristen Gundelachs arkaiske riksmålutval frå 1953, Henrik Rytter og Sigmund Skards meisterlege nynorskutval (1965) og Magnus Ullelands komplette nynorskversjon (1993–96). Tidlegare har Erik Ringen gjendikta til bokmål Inferno (2017), den fyrste delen av Den guddomlege komedien, og no er han i mål med andre delen, Purgatoriet. Men vi er så heldige at også Asbjørn Bjornes held på med å gjendikte komedien; i 2018 kom hans utgåve av Inferno på Dreyers forlag. Så får vi sjå kven som kjem fyrst i mål.
Det store mellomalderdiktet til Dante Alighieri (1265–1321) ragar høgt mellom meisterverka i verdslitteraturen. Og det var eit ærgjerrig mål Dante sette seg: å skriva eit verk som kunne konkurrera med Vergils Æneiden, og forma han valde, var endå meir vanskeleg. Strofeforma er såkalla tersinar, tre versliner med femfota jambar, med rimstillinga aba, bcb, cdc og så bortetter. Diktet er delt i tre, inneheld 100 songar, rettare sagt éin prolog og 33 + 33 + 33 songar. Tala er viktige i diktet, og Dante eksellerte i talmystikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.