Film
Dei diskré trauma til borgarskapet
Beast tar ubehaget inn i høgkulturen.
Moll (Buckley) slår seg saman med Pascal (Flynn) for å kome vekk frå familien.
Foto: Benjamin Kracun
I det første biletet av hovudperson, Moll (Buckley), står ho og syng sakral korsong. Men noko ulmar under overflata; vi ser ubehaget i henne. Kameraføring og musikk forsterkar kjensla av at noko ikkje er som det skal. Nøyaktig kva som feilar Moll, er eitt av mange moment som Beast, ein psykologisk thriller bada i både krim og romantikk, prøver å gå i djupna på.
Moll kjem frå privilegerte kår. Mora Hillary (James) er ei streng og dominerande overklassekvinne, som nyttar kvart høve til å rakke ned på dottera. Det har dels rot i eit «tilbakelagt» traume frå Molls oppvekst. I tillegg står ho i skuggen av meir vellukka søsken. Når Moll møter Pascal (Flynn), ein einstøing og handverkar frå dårlege kår, ser ho det som ein veg ut av jarngrepet til familien.
Samtidig er lokalsamfunnet råka av ei drapsbølgje. Ein seriemordar er på frifot, mistanken er retta mot Pascal. Er han eit udyr, eller utsett for ei heksejakt? Beast dveler nok for lenge ved dette skuldspørsmålet, som har ei litt banal oppklaring. Krimplottet står uansett ikkje sterkt nok på eigne bein, sjangerforvirra som filmen etter kvart er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.