I Norsk Målungdom var det ei tid, som i andre ungdomsorganisasjonar, altfor mange Tordenskjolds soldatar. Dei tente språkpolitiske håp i unge hjarte og synte flagg i politiske stridar. Norsk Målungdom (NMU) gjorde språkstrid til ein del av distriktsopprøret mot sentralmakta og EU, sympatiserte med antiglobaliseringsrørsla og var kritiske til Nato sin «out of area»-politikk. I dag er EU-motstand stroke av programmet.
Jubileumsskriftet til Norsk Målungdom feirar 60 år, men kjem ut først no, 63 år etter at organisasjonen såg dagens lys i 1961 som Noregs Student- og Elevmållag. Frå 1972 vart namnet Norsk Målungdom. Legg vi til historia til Studentmållaget i Oslo, som til og med vart stifta før Noregs Mållag, i 1900, er det snakk om ei slags samanhengande historie som i 2025 vil feire 125 år.
Da Studentmållaget feira 50 år i 1950, kom eit historisk oversyn på 330 sider, ei bok for ettertida. Der var berre stiftinga vigd 50 sider, og nesten 900 namn finst i namneregisteret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.