Litteratur

Den andre sivilisasjonen

Eit nytt tidsskrift har dukka opp, Sivilisasjonen. Vi kunne tru det handla om kitschkunst, men det handlar om unge menneske på leit etter meining.

«Angry Mother» av Odd Nerdrum frå i år. Det er fleire målarstykke i tidsskriftet.
«Angry Mother» av Odd Nerdrum frå i år. Det er fleire målarstykke i tidsskriftet.
Publisert

«Det er mogeleg å gje ut kulturtidsskrift utan statleg støtte, det gjer vi» – dette står å lesa om eit nytt tidsskrift som har kome ut, Sivilisasjonen. Det har nyleg kome ut med sitt andre nummer. På nettstaden heiter det at Sivilisasjonen er «grunnlagt på den overbevisning at kulturelle verdier som harmoni, skjønnhet og poetikk evner å gjøre mennesket til bedre versjoner av seg selv».

Kikar vi på bidragsytarane, kjem fordomane fram: Det er tale om Nerdrum-elevar og andre med same tilknyting. Då var det kanskje ikkje så vanskeleg likevel med finansieringa, for dette er eit pengesterkt miljø. Men kikar vi på innhaldet, så opnar det seg ei større verd.

Denne gongen handlar det ikkje om kitsch og Nerdrum som motarbeidd kunstnar – jamvel om dette argumentet dukkar opp her og der, men om ei interesse for vidt ulike kunstuttrykk.

Dikt og kake

Eit døme på det er alle dikta av etablerte, men særleg unge, ukjende lyrikarar: Bertrand Besigye og Erlend Skjetne – og upubliserte forfattarar som Syver Røinaas, Thomas Løland, Oskar Bae, Anne Gro Hansen, Benedicte Rydland Hareide og Eli Anna Gudmundsen – av dei er det overraskande mange lovande dikt på nynorsk.

På hi sida finn vi andre kunstuttrykk: Ein ung filosof blir òg presentert: Einar Duenger Bøhn, kjend frå ein podcast med Kristopher Schau. Ein artikkel inneheld omtale av etterkrigsmusikk frå spelefilmar, som musikken til det purunge komponisttalentet Alma Deutscher. Ein artikkel tek føre seg kinesisk sivilisasjon og kultur, og så har vi òg eit humoristisk tilskot i stykket «sivilisasjonskaka» – der vi får ei kakeoppskrift.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement