Film
Den briljante Huppert
Greta er både ekkel og morosam, og nok eit døme på skodespelarkunsten til Isabelle Huppert.
Isabelle Huppert spelar psykopaten Greta.Isabelle Huppert spelar psykopaten Greta.
Foto: Shane Mahood / Norsk FilmdistribusjonFoto: Shane Mahood / Norsk Filmdistribusjon
Thriller
Først eit lite hjartesukk: At Norsk Filmdistribusjon har valt å kalle denne filmen Stalker – framfor originaltittelen Greta – er underleg. Jo da, filmen handlar om ein stalker – hovudpersonen Greta (Huppert) forfølgjer ein annan på sjukleg vis – men både dette anglofile ordet og at ein viss Tarkovskij alt har laga Stalker, gjer tittelen meir forvirrande enn klargjerande.
Ikonisk og parodisk
Stalker, eller Greta, er ein ekkel, til dels ufriviljug morosam, thriller. Filmen kjem innimellom farleg nær farsen, men reddar seg inn takk vere Isabelle Huppert, ein av vår tids fremste skodespelarar.
I rolla som Greta er det som om Huppert parodierer dei mest ikoniske rollene sine – frå pianolærerinna til Elle – på ein måte som berre Huppert kan. Det naturalistiske og uttrykkslause skodespelet hennar har evna til å halde på store kjensler utan at andletsuttrykket endrar seg.
Eventyraktig
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.