Den første litterære agenten
VINJE. Idar Handagard sette A.O. Vinje høgt og budde på Plassen i fleire periodar. Kona Sara ordna leselege avskrifter av dokument i gotisk skrift. Handkolorert postkort 1907 med motiv frå Vinjes tid.
Foto: privat eige
Sara Handagard dreiv Norsk Bokhandel Forlag frå ho var 26 år og var i alle år litterær agent for mannen Idar Handagard.
Ho møtte han då ho var 15 år. Han var 20 og skulle i møte heime hos formann Olaf Thingulstad i Det Norske Totalavholsselskap. Den som opna døra, var dottera Sara, slik dører i serieromanar opnar framtida. Året etter var dei hemmeleg forlova. Ho ordna seg med merkantil utdanning og mange år på kontor før alt skjedde på eit halvår i 1905.
Den sommaren tok ho examen artium, og han var ferdig utdanna lege same veka som 7. juni blei historie. Dei to første bøkene kom ut i september. Kaupmannen i Venetia var omsett av Olav Madshus med Arne Garborg som språkkonsulent, og Idar hadde attfortalt og kommentert stykket i Soga um Kaupmannen i Venetia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.