Bok
Den mangfaldige egosentrikaren
Livet til Alf Larsen er forteljinga om den tronge vegen frå små kår til posisjonen som ein av våre sentrale kulturpersonlegdomar.
Alf Larsen (1885–1967) gav ut ei rekkje diktsamlingar. Han budde i København og i Frankrike nokre år før han slo seg ned på Tjøme i 1920.
Kråka er ikkje alltid ein velkomen gjest, for ho skrik både høgt og håst, og det kunne diktaren, profeten, refsaren og spiritualisten Alf Larsen òg gjera. I eit dikt vedkjenner han seg slektskapen: «De svarte fugler forteller/ om noget jeg ogsaa vet,/ som her i de snetykke kvelder/ har hjemme fra evighet!»
Men han kjende òg dei vare og ømme ting, som ein ser i dei stemningsfulle naturdikta frå øyane Hudø og Tjøme, landskapet der han voks opp. Det fortel mykje at han kalla tidsskriftet sitt (1933–41) opp etter den romerske guden Janus, som hadde to andlet som vende kvar sin veg. På folkemunne gjekk han under utnamnet Tjøme-kjeften.
Viktig lyrikar
Alf Larsen (1885–1967) er ein av dei viktigaste lyrikarane våre, med klare likskapar med diktaren Olav Aukrust. Han debuterte i 1912 med Vinterlandet og gav ut ei rekkje framifrå diktsamlingar, nokre essaybøker og aforismesamlinga Nattetanker. Difor er det stas med ein heilt fersk Alf Larsen-biografi, for den førre, av Henri Werring, kom i 1977 og er no temmeleg utdatert.
No har Henrik Høpner Jørgensen gjeve oss ein omfattande, oppdatert biografi som tek omsyn til den nyaste Larsen-forskinga og kjem med mykje nytt stoff, særleg om hans unge år. Særs interessant er skildringa av korleis Larsens intime samband med naturen gjorde han til ein tidleg naturvernar, med utgangspunkt i naturen i dei heimlege traktene og Rød gard, som han fekk freda i 1942. Ikkje minst er det verdfullt at biografen lèt Larsen sjølv koma til orde gjennom velvalde sitat.
Motsetnadsfull
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.