Bok
Den poetiske trua
Dikta til Mona Høvring skapar nye bilete i bileta.
Mona Høvring har gjeve ut ei rekkje bøker i ulike sjangrar sidan diktdebuten i 1998.
Foto: Agnete Brun
Mona Høvring er ein poet som vekslar mellom stilleie. Og som forfattar vekslar ho mellom å skrive prosa og lyrikk. Og dikta i Himlene glitrer svingar overraskande, i stadig drift frå denne til andre verder. Ikkje minst merkar ein seg lengten i språket som forvandlar «pliktene/ til runde, blå blomster».
Ved hjelp av inventar frå eventyr, soger, bibel- og vitskapssjargong – alt saman bestanddelar i det ein kallar «verdsbilete» – fugar Høvring saman tvi- og mangetydige diktkonstellasjonar.
Eg bit meg merke i ordet «mosaikhimmel», som førekjem i eit sitat av den franske forfattaren Célia Houdart i starten av boka. I mosaikken er fugene som syner fram brotflatene, bitane, sentrale. Samanføyingane er ikkje del av biletet, anna enn at dei skapar rytmar, liner og konturar i mosaikken – som blir til nye bilete i biletet.
Forvandlingar
I botnen av dikta til Høvring verkar det som det ligg fornyings- og forvandlingssoger, eit eldgamalt litterært motiv. Mellom anna handlar det om korleis «jenta» blei til «kvinne». Korleis overgangen skjer, blir mellom anna formidla i ein draum i eit dikt, der dikt-eget ser at jenta er dødeleg og dødsmerkt. Draumen kan lesast som forvandlinga frå jente til kvinne, frå levande til død – og til levande.
Draumen blir presentert i eit kjent myteliknande bilete, der faren dreg til dødsriket med båten «som bar han over til dødsriket,/ til ei strand, til et forlist skip/ med en skjør gallionsfigur,/ og gallionsfiguren hadde mitt ansikt –/ dattera som ønska seg bort».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.