Bok

«Den store fornyaren»

Jan Olav Gatland har gjort eit grundig arbeid, men ein saknar meir av hans eigne vurderingar.

Publisert

Med biografien om nordlendingen Lars Berg (1901–1969), den «utan tvil mest radikale norske forfattaren på 1930-talet», har Jan Olav Gatland vilja trekkje fram or gløymsla ein forfattar som det vart mykje ståhei rundt i 1930-åra og igjen etter krigen, og som dessutan gjorde mykje av seg også som målmann, teatermann og politikar. Ikkje minst visste han å provosere, ifølgje Gatland, og då særleg på det seksualmoralske området. Han kallar Lars Berg for «den store fornyaren» på det seksuelle feltet, og roser han for å skrive direkte og ope om tabubelagde spørsmål som skakkøyrd seksualitet og manglande seksualopplæring i heim og skule. Dessutan har Gatland vorte slegen av det kraftige og frodige i romanane hans, og han vil gjerne formidle denne opplevinga, kanskje utan heilt å lukkast.

Skandalesuksess

Alt med dei to første romanane sine, Men det var det ingen som visste (1934) og Du er den første kvinne (1935), gjorde Lars Berg ein succès de scandalepå grunn av dei – for si tid – direkte seksuelle skildringane. Den første boka tar opp seksuell og emosjonell impotens som først vert lækt då hovudpersonen møter ei mykje yngre, uskuldig jente som har eit naturleg forhold til erotikk. Den andre skildrar ein donjuan, ein mann med ei umetteleg seksualdrift som først vert stetta då han møter att den såkalla «første kvinna» etter om lag tjue år. Trolldomen vert heva. Også her er det ei ungjente som til slutt forløyser den middelaldrande mannen. Problema til begge hovudpersonane kjem av ein oppvekst i ei trong bygd der alt snakk om seksualitet er tabu og definert som synd.

Begge romanane vekte stor oppsikt. Somme kritikarar roste forfattaren for å ta opp eit særs viktig emne, andre gjekk laus på han for umoral og sedløyse. Som kjent var 1930-åra ei tid med sterke ideologiske motsetnader, der legen Karl Evang arbeidde for seksualopplysing, medan forfattaren Fredrik Ramm hissa seg opp over den skitne straumen han meinte forfattarane velta ut over landet. Det seier seg mest sjølv at Lars Berg vart omfamna av forfattarar som Aksel Sandemose og Sigurd Hoel og av kritikarar som Olav Dalgard. Biskop Eivind Berggrav meinte at boka minte om det gutar skreiv på doveggar, og at Lars Berg fråtsa i pikante detaljar berre for å vekkje oppsikt. Somme skjelte Lars Berg ut for å vere «rikspornograf», andre igjen meinte at han var altfor påverka av psykoanalysen.

I dei seinare romanane sine gir Lars Berg til dels breie sosiokulturelle skildringar av små fiskarsamfunn nordpå. Handling og miljøteikning i desse bøkene ligg tett på hans eige liv, heilt ned i detaljar som at hovudpersonen misser eit auge. Også her spelar seksualitet ei stor rolle, men no finn til dømes Olav Dalgard at det vert keisamt med så mange samleie skildra på prikk likt vis. Erna Ofstad hevdar om romanen Du har rett til å leve (1965) at Lars Berg skriv ein «søtladen», sentimentalisert pornografi «slik en frustrert kristelig tante kunne tenkes å gjøre det»; det vert «billige søndagsskolefortellinger».

Tradisjonell biografi

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement