Den vanskelege sameksistensen
Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.
Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.
Foto: Marthe Haarstad
Roman
Rita Paramalingam:
Susanna, alene
Forlaget Oktober
Mann er manns gaman, sa dei i norrøn tid, men Sartre skreiv at helvete er dei andre. Båe synsmåtar er vel halvveges rett, men likevel ikkje heilt rett til saman. Det ein kan lika eller mislika hjå dei andre, heng saman med korleis ein er sjølv, ein er prega av det miljøet ein bidreg til.
I den nye romanen til Rita Paramalingam møter me Susanna, som i byrjinga av boka lever med mor, far og to yngre systrer i Halden. Susanna har byrja på skulen, og vert henta av faren kvar dag. Då nokre klassevenninner lurer på om faren hennar ikkje har nokon jobb, konfronterer ho han med dette, og han reagerer med sinne, noko ho ikkje hadde rekna med. Faren er i det heile uberekneleg, og familien verkar ikkje som ein trygg plass å vera.
Dramatisk hending
Så skjer det ei ulukke, eller eit brotsverk, det vert aldri heilt klarlagt, men det som skjer, vert skildra frå eit uvitande perspektiv, eit svært godt gjennomført grep av forfattaren, ho er heilt med Susanna når den dramatiske hendinga gjer ho til eit farlaust einebarn. Mora, som nok ikkje var ein veldig sterk person frå før, treng tid til å ordna opp i saker og ting, og Susanna vert send til ei farmor ho aldri har møtt før, på Bøler. Der veks ho sidan opp, og soga om livet hennar held fram.
Susanna har ikkje mange minne om nærleik mellom foreldra, og ho er ikkje glad i intimitet av noko slag sjølv. Ein stad seier ho noko om at det verste med gråten er trøysta, eller dei freistnadane på trøyst som andre vil gje henne. Ho er på mange måtar ein innelukka person, ho vil ikkje sleppa nokon tett på seg, men ho skaffar seg likevel nokre vener.
Ekte
Det finst ikkje noko sjablongarta ved Susanna, ho er absolutt ekte, ho ser andre godt, men sjeldan med særleg empati, ho kjem i konflikt no og då og er korkje sympatisk eller vond. Å forstå Susanna er å navigera etter idiosynkratiske koordinatar, det er ikkje noko å samanlikna med, likevel tvilar ein aldri på at ho er just slik Paramalingam har skildra ho. Sjølv om boka i det ytre held seg til sosialrealismen, er det såleis portrettet av Susanna, slik ho, utan å reflektera over det, framstiller seg sjølv, som er det ein festar seg mest ved i denne romanen.
Alt er truverdig i ein slik grad at ein under lesinga aldri tvilar på det eller kjem på at det er ein roman ein held på med.
Dysfunksjon
Noko av det sentrale i boka er ulike gradar av sosial dysfunksjon. Her er det ingen som får heilt til å snakka ut, og Susanne vil slett ikkje ha nokon djup samtale, same kva som skjer. Aller best er Paramalingam på å få fram eitkvart ubehageleg hjå folk, særleg gjeld det Susanna og hennar opplevingar av såkalla vaksne menn, anten det då er faren, onkelen eller far til kameraten Odin.
Små ting ein ikkje heilt kan setja fingeren på, syner onkelen som ein ho berre ikkje kan lika, sjølv om det ikkje er noko farleg med han, og dei to andre som døme på noko framandt og utrygt. Ein får ei kjensle av at mange av dei vaksne Susanna kjem i kontakt med, ikkje er mogne for vaksenlivet, men at dei trur dei er det, i kraft av alder og sivilstatus. Dei ser ut til å ha hengt seg opp i eit eller anna som skal stadfesta denne statusen, men noko slikt finst eigentleg ikkje, i alle høve ikkje der dei har leita etter det.
Susanna, alene er kort og godt ein seriøs, gjennomtenkt og vellukka roman om det mindre vellukka livet.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.