Bok

Der havørna stig

På få tiår har havørna gått frå utryddings­trua til ein høgst levedyktig bestand.

Publisert Sist oppdatert

Tidlegare har forfattar og journalist Gunnar Myklebust skrive bøker om mellom anna norsk ishavshistorie, motstandsmannen Joachim Rønneberg og historikaren Ragnar Ulstein. No er det havørna sin tur ut.

Ørna har hatt ein viktig posisjon i mytologi, folketru og dikting mange stadar i verda, ikkje minst her heime. I toppen av det verdsfemnande treet Yggdrasil sat ørna Vidognir. Under treet låg ormen Nidhogg. I den norrøne mytologien var desse to bilete på himmel og jord. Ørna har òg ein tydeleg posisjon i litteraturen. I mange land er ørna brukt som nasjonalsymbol, og ho går att på mange riksvåpen og våpenskjold.

På attenhundretalet starta norske styresmakter ein stor kampanje med sikte på fullstendig utrydding av rovdyr. Skytevåpen, gift og reirplyndring var blant dei mest brukte metodane mot havørna. Heilt fram mot fredinga i 1968 var det skotpremie på havørn i Noreg. Kampen mot rovdyra kom i stand for å verne om ei veksande befolkning og eit aukande tal på husdyr og bufe. Det tok lang tid før ein fekk kunnskap om hårfine balansar i naturen og kor viktig kvar art er i det store samspelet. Havørnstammen var nede i underkant av 1000 eksemplar det året fredinga blei innført. I åra etter var ulovleg jakt og miljøgifter dei største trugsmåla.

Ørnemannen

Forteljinga om havørna er òg ei forteljing om ørneeksperten og folkeopplysaren Alv Ottar Folkestad. Gjennom fleire tiår har han vore eldsjel og ei særs viktig brikke i å få havørnstammen på fote igjen. Myklebust skriv fram eit nært portrett av Folkestad. Vi møter han alt i byrjinga av boka, over ein kaffikopp i heimen hans i Eiksund, midt i havørneldoradoet på sunnmørskysten. Så godt som sidan fredinga har han fronta den viktige rolla rovfuglar og rovdyr har for balansen i naturen.

«Ørnemannen» Folkestad er gitt ein sentral plass i boka, men sjølv er han god til å gi havørna sceneplass som hovudrolleinnehavar. Folkestad sit på enormt mykje kunnskap om den største rovfuglen vår, kunnskap han er flink til å formidle og lage samanhengar i. Det gjer han på slike måtar at folk kan orientere seg mot havørna «faktuelt». Den nøkterne, kunnskapsbaserte og faktaorienterte tilnærminga er noko av styrken ved denne boka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement