Teater
«Det Liv Gulbrandsen gjer med si eiga familiehistorie i denne framsyninga, er stor kunst.»
Liv Gulbrandsen har skrive og speler i stykket om Ibsen og mormor hennar.
Foto: Leikny Havik Skjærseth
For ein artist Liv Gulbrandsen er! For ein formidlar av eit stoff som er heilt hennar eige, og som lever så rikt i henne! Så har ho også eit unikt utgangspunkt: ei mormor som var så oppteken av Ibsen at ho drog fem år gamle Liv med seg på Nationaltheatret for at barnebarnet skulle få oppleve at Hedda Gabler skaut seg! Og då Hedda ligg der, vender mormora seg til ungen og spør: «Hva lærte du nå?»
Ei slik oppleving merkjer eit barnesinn, og det blir aldri borte. Då er det bra at det kan skapast om til god kunst, slik som i denne framsyninga, som Gulbrandsen speler kringom i landet. Av dette stoffet har ho laga teaterhistorie, sosialhistorie og familiehistorie, alt vove saman til eit to timars standupshow av ypparste kvalitet.
Kortversjonar
Og når du har høyrt Liv Gulbrandsens fabelaktige kortversjonar av kjende Ibsen-drama, tek du til å lure på kva du skal med originalen.
Slik var det også då ho for nokre år sidan tok føre seg Karl Ove Knausgårds altfor ordrike, altfor detaljrike og altfor lange 3622 sider Min kamp og presenterte sin eigen versjon på om lag 90 minutt. Respektlaust så det heldt, og slik måtte det vere.
På eit vis er det tidvis respektlaust slik ho omtalar mormora og slekta si i denne framsyninga òg, men det er gjort med slik kjærleik og forståing at knapt nokon vil reagere på det. Og så fullt av humor, men heilt utan det som i tidas tale blir kalla «utdriting». Tvert om, ein merkar varmen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.