Bok
«Dikta til Endre Ruset er ridde av tap og sorg, og med hesten som sentralt motiv.»
Endre Ruset er poet og tidlegare kunstnarisk leiar ved Norsk litteraturfestival.
Foto: Heidi Furre
At sorg og tap er gjenstand for dikt, er nokså vanleg, sidan diktet kallar på det fråverande. Sorga er også omdreiingspunkt i Endre Rusets nyaste diktbok, Stjålet venn. Når sjølvmordet til venen skjedde for ti år sidan, reknar ein kan hende med at den verste sorga har lagt seg. Men i desse dikta riv tapet framleis: «Jeg er en forsinka sørgende/ etter at sorgen er gått ut på dato».
Diktboka peikar attende til Elsket og savnet frå 2014, men også diktboka om Utøya, Deretter (2021), skriven i samarbeid med Harry Man, der terroråtaket og sorga etter det er i søkjelyset.
Sørgjedikta i Stjålet venn er kjenneteikna av at dei ber på medvitet om at det fråverande aldri vert nærverande att, og slik spør eit dikt: «hvor blir du av/ tjuvmelker du kosmos/ overlever du?» I fortvilinga kan «du forvandles til en bikkje». Ein ser at objekta for sorga samstundes vert skotne ut i det endelause himmelrommet og haldne fast nede på den avgrensa jorda, blant bikkjene, altså som eit jaga vesen utan fast bustad, som aldri kjem til ro.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.