Bok

Død, identitet og sorg

Grethe Fatima Syéds første diktsamling utgjer eit vakkert portrett.

Grethe Fatima Syéd debuterer som lyrikar.
Grethe Fatima Syéd debuterer som lyrikar.
Publisert

Dikta i Grethe Fatima Syéds debut som poet, Og så vi med våre mangonyrer, er ein avdempa song over ein død far og eit kjærleg og sårt poetisk portrett av sjømannen frå India som gifta seg med ei norsk kvinne og busette seg, jobba og stifta familie i Noreg.

Det lyriske eget er dotter av mannen som me møter døyande, i ferd med å miste kroppsleg styrke, språk og orienteringsevne, men også i tilbakeskodande glimt som arbeidsmann i kjeledress og mild omsorgsperson.

Nøkternt

Dødens faktum ber med seg ny erfaring og innsikt, formidla i eit nøkternt kvardagsspråk tidleg i diktboka: «At du døde gikk greit, jeg var forberedt// Men at du skulle fortsette å være det// Se det var verre/ For det hadde ingen fortalt meg om».

Dikta handlar om, for det lyriske eget, å komme til forståing og erkjenning av dei mange motsetnadsfylte trådane og identitetane i livet. Dei handlar også om å freiste å flette farens bakgrunn saman med eige liv, eit reknestykke som ikkje vil gå opp: «Det at jeg var halv. Hvis noen spurte. Halvt indisk». Og: «Hvis jeg er halvt indisk, kan jeg ikke være helt norsk». Slik ristar og røskar diktboka også opp i nokre fasttømra kategoriar som tek til å smuldre.

Det poetiske repertoaret kjennest ikkje påtrengjande, heller ikkje røysta ein møter, det er spenn og variasjon i registeret, poeten distribuerer det enkle, gjennomskinlege språket med ei nennsam, verknadsfull hand.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement